Barn og ansatte på Jacob Walnums barnehjem i Kopervik.

Aktuelt Haugalandmuseet

Dei reisande borna som skulle lære å bu: Om Misjonen sine barneheimar på Vestlandet

I løpet av årets siste dager vil vi i presenterer en rekke artikler fra dokumentasjons- og samlingsarbeidet i Haugalandmuseet. Først ut er en artikkel om romanifolket - de båtreisende - og hvordan vi kan endre holdninger og fordommer mot denne nasjonale minoriteten.

Dato: 20.desember.2023

Dei reisande borna som skulle lære å bu: Om Misjonen sine barneheimar på Vestlandet

Frå slutten av 1800-talet var det ei auke i negative haldningar i samfunnet retta mot romanifolket, òg kala dei reisande, eller båtreisande, langs kysten. Eit “vanleg” og stabilt levesett, med fast bustad og inntekt, vart sett på som sentralt for å kunne leve eit godt og moralsk liv. Romanifolket passa ikkje inn i dette verdsbiletet.  For å få slutt på det reisande levesettet, retta presten Jakob Walnum, i spissen for Norsk misjon blant hjemløse, fokuset mot borna.

“Misjonen” oppretta fleire barneheimar for born av reisande slekt, der dei ville lære dei å bli “flinke” til å bu og kutte banda deira til slekta og opphavet. Misjonen tok i løpet av 1900-talet ein stor del av dei reisande borna dei visste om frå familiane sine. På Vestlandet vart det oppretta to barneheimar som romaniborn vart sendt til; Askviknes barnehjem i Bjørnafjorden (tidlegare Os) og Jacob Walnums barnehjem på Karmøy. I denne artikkelen kan du lære meir om kvifor desse barneheimane vart oppretta og haldningane som låg bak dette arbeidet, kva verdiar som stod i sentrum for dei og kva målet og konsekvensane var. Og kva rolle spelar barneheimane i dag, som institusjonar og kulturminne for romanifolket?

Artikkelen på Digitalt Museum: https://digitaltmuseum.no/0211814152377/dei-reisande-borna-som-skulle-laere-a-bu-om-misjonen-sine-barneheimar-pa

Barn og ansatte på Jacob Walnums barnehjem i Kopervik.

 

Fotografiet viser born og tilsette på Jacob Walnums barneheim i Kopervik. Ukjent årstal. https://foto.digitalarkivet.no/fotoweb/archives/5001-Historiske-foto/Indekserte%20bilder/PA%20793%209403_0939.tif.info Riksarkivet, ukjent fotograf