Tare

Aktuelt Haugalandmuseet

Fredagsgløtt frå samlingane!

I 1972 dokumenterte Haugesund Dagblad taresanking på kysten av Rogaland. Tare har vore ein viktig ressurs langs kysten i fleire hundre år.

Dato: 3. februar 2022

Taren blei nytta til gjødsel i åker, eng og beite, den ga næring til åkeren, forbedra beita og hadde god effekt mot mose i engene. Taren blei frakta med hest og kjerre frå stranda og til åkrane, og på Åkrasanden på Karmøy kan ein framleis sjå den gamle «tarevegen». Den mest kjende av tarevegane har offisielt fått namnet Tarevegen, som går frå Langåker ned til Tarevika.

Taren blei ikkje bare brukt til gjødsel, men også til tangbrenning for produksjon av tareoske. Oska blei brukt til utvinning av soda, og seinare også til framstilling av jod. På Karmøy og andre stader i landet har dette vore praktisert frå 1700-talet og fram til 1930, då produksjonsmåten blei erstatta av andre teknikkar.

Foto: serie frå Haugesund Dagblad, MHB-F_HD-00482.
Du kan sjå heile serien på Digitalt Museum