VHS-F.00002-01

Aktuelt Haugalandmuseet

Fredagsgløtt frå samlingane!

For 60 år sidan sykla vegarbeidarane til jobb! Det er kanskje eit paradoks å tenkje på at dei som bygde vegane og la til rette for bilen levde i ei verd som hadde låge klimagassutslepp samanlikna med i dag.

Dato: 13.01.2022

Dei visste ikkje at me skulle finna olje i Nordsjøen, at dei fleste hushald kom til å eige bil, og at vegane og bilen i dag er årsak til store klimagassutslepp. Me kan kanskje la oss inspirera og velje sykkelen litt oftare? På fotografiet kan du sjå vegarbeidarar i Ølen posera med sykkel. Framfor frå venstre: Magnus Rødne, Nils Torgrimsen, Endre E. Heggen, Teodor Rødne, Osmund Vaa og Gustav Rødne. Bak frå venstre: John Dørheim og Thomas Torgrimsen. I bakgrunnen ein lastebil, eigar Endre E. Heggen.

Originalbiletet er eit gammalt fotografi, lånt frå ei privat samling og avfotografert av Endre Heggen i 1985. Endre Heggen var *lokalhistorikar og sogelagsmann i Ølen. Frå midten av 80-talet gjekk han systematisk til verks med å intervjua og samla inn bilete frå folk i nærområda, og opparbeidde ei stor samling av lydopptak og kopiar av gamle bilete. Samlinga vart sidan gjeven til Vindafjord kommune og er no del av Haugalandmuseet sine samlingar. Foto: Endre Heggen/Haugalandmuseet,  VHS-F.00002-01.