Aktuelt Haugalandmuseet
Dei fleste forbinder museum med fysiske samlingar. I dag vil vi vise fram ei litt anna side av samlingane våre og setje søkelys på det immaterielle, og på romanifolket, ein minoritet med lite materiell kultur som er bevart.
Dato: 17. november 2023
Haugalandmuseet arbeider med mange ulike sider av historia. Dette inkluderer bevaring av immateriell kulturarv og historier. Vi tar vare på tradisjonane og kulturen til ulike grupper i samfunnet. Dette er særleg viktig der det er lite materiell historie. Vi har i mange år jobba med å ta vare på kulturarva til romanifolket som reiste med båt, òg kalla dei båtreisande. Arbeidet har bestått av å registrere stader dei båtreisande kom til, frå Agder til Møre og Romsdal, og historiene knytta til stadene. Dei reiste langs kysten og handla med fastbuande. Sidan dei oftast ikkje var lenge på kvar stad, er det få spor etter aktiviteten deira, men mange historier, både frå dei reisande sjølv og fastbuande dei møtte.
Kvar reisande familie hadde sitt faste område, og kom oftast innom dei same stadene år etter år. Ein av stadene båtreisande i Sunnhordland kom mykje til var Spissøyhamn, som er avbilda her. Staden fungerte som samlingsplass og hamn, og dei overnatta ofte her. Dei gjekk alltid innom når dei var i området, for å sjå om det låg andre båtreisande. Romanifolket hadde mange slike stader langs kysten, som dei kom fast innom, og kor det var sannsynleg at dei kunne treffe andre reisande familiar med reiseruter i det same området. Samlingsplassane er blant dei viktigaste kulturminna til dei båtreisande, fordi dette er stader som vart brukt av og var viktige for mange.
Det er viktig å bevare minnet om reisene til romanifolket og historiene til desse stadene. Den norske assimileringspolitikken har ført til slutten på det tradisjonelle båtreisande levesettet, men mange har framleis nære band til denne kulturen.
Sjå alle dei publiserte kulturminna på KulturPunkt. https://kulturpunkt.org/group/7095/