Aktuelt Haugalandmuseet
Visste du at...
Dato: Tirsdag 20. desember
Huldrene på Frøvik.
På Frøvik i Skjold budde det huldre i gamle dagar. Dei budde i eit hol i fjellet.
Det var ei stor ur framføre og rundt omkring vaks det mange eiketre.
Det var ikkje langt frå fjøset.
Huldrene var ganske like folk , men dei var mindre og gjekk alltid med ein gulspraglete stakk.
Dei hadde mykje både gull og sølv, og dei hadde kyr.
Kyrne deira var alltid gulspraglete på farge og dei mjølka svært godt.
Når husbonden jenka seg etter huldrefolket, var huldrefolket svært hjelpsame og gjorde stor nytte. Huldrefolket hadde kontrollen med utmark og husfolket hadde kontrollen på innmarka. Dette var ein fin balansegang, og stort sett så gjekk den fordelinga svært bra.
Huldrene på Frøvik gjekk dei i fjøset om nettene og såg til dyra på garden.
Då vaks kalvane fort, kyrne mjølka meir og gav betre mjølk.
I Frøvik hadde dei stor lykke med buskapen. Dei visste at det hadde dei mest huldrene å takke for, så dei passa seg vel og gjorde aldri huldrene noko gale.
Ein mann i Frøvik hadde lagt merke til at di fleire beiner/tenester han gjorde huldrene, di større lykke hadde han med buskapen . Så han fann på ein gong at han skulle flytte ut av husa i jula, så huldrene kunne få vere der i helga. Huldrene passa på både fjøs og heimehus så lenge det var jul. Så då husfolket kom heim etter jul var det godt stell på alt.
Sidan vart det skikk i Frøvik at husfolket alltid for heimanfrå når jula kom. Husbonden tok med seg alle folka sine og for til ein annan gard kor dei hadde skyldfolk.
Når dei kom heim att, fann dei alt i husa både inne og ute i den beste orden.
Av og til fann dei sølv eller andre dyre ting som huldrene hadde lagt igjen etter seg som lønn eller husleige.
Etter ei tid kom det ein annan mann på garden Frøvik, han likte ikkje det å måtte flytte ut av husa sine. I to juler gjorde han det som den førre bonden hadde gjort, flytta ut til jul, men då han kom igjen det andre året sa han, :
– Nei no vil eg ikkje flytte bort i jula meir. Det er ikkje nokon kjekt å måtte flytte inn til framande i julehelga, vi hadde hatt det mykje kjekkare heime..
Så han gjekk og tenkte på dette fram mot neste jul, og lurte på kva han skulle finne på.
Ikkje hadde han lyst til å gjere seg til uvenn med huldrene, men han ville på ingen måte flytte ut av husa sine på julaftan.
Då jula kom, hadde han tenkt igjennom kva han ville gjere.
Julaftan let han kona, ungane og tenestefolket flytte inn til ein nabo, som budde eit stykke ifrå. Men sjølv ville han ikkje bort. I mørkninga tok han børsa si, la ei stor ladning og kravla opp på ein bjelke i stovetaket.
Då han hadde site der ei stund, gjekk døra opp, og inn kom det ein flokk med huldre. Og det var ingen liten flokk, og dei hadde med seg mangt både av sølv og gull og andre dyre ting.
Då alt huldrefolket var komne inn, var det ein av dei eldste om snusa og snudde seg mange gonger, og så sa han :
Då sikta husbonden og skaut ein av huldrekallane, så han stupte i golvet.
Resten av gjengen for ut med ein gong, og det gjekk så fort at dei ikkje fekk tid til å ta med seg verken sølvet, eller alt det andre dei hadde hatt med seg til julefeiringa.
Etter ei stund krabba han ned frå gøymestaden sin og tok med seg alt sølvet.
Og det var visst ganske mykje for det har alltid sidan vore rikelig med sølv i garden.
Men etter ei tid, tok det til å skje rare ting med buskapen på Frøvik.
Nokre av kyrne mjølka blod, nokre daua. Hestane var så fulle av lus og utøy, at god mat ikkje beit på dei. Dei såg ut som beinrangel.
Om nettene hende det at huldrene tok hestane med seg ut og køyrde med dei.
Når husbonden kom om morgonen stod hestane der heilt utslitne og sveitte. Så hende det noko som var endå verre, det vart brann og alle husa brann opp.
Medan raude logar slo ut av husa, kunne dei høyre kor huldrene skratta og lo opp i holet sitt. Då fekk huldrene skulda for all ulukka.
Husbonden skjøna at det var ikkje anna råd enn å rette seg etter huldrefolket og gjere seg til ves med dei att.
Men det var lettare sagt enn gjort. Det vart ikkje slik det hadde vore før, vennskapen vart ikkje den same, og det såg ikkje ut til at husbonden skulle få slik lukke med buskapen som han hadde hatt.
Men det gjekk bra til slutt.
Ein dag då huldrefolket var ute og køyrde, var Frøvikbonden og ute og han møtte huldrene. Dei kom med eit stort lass, og best som det var så velta lasset.
Mannen vart med og hjelpte til, så dei fekk på plass lasset att, og han herja ikkje med dei. Slik vart dei venner att.
Morgonen etter, då mannen kom inn på stabburet, hang det ein stor armring av sølv på døra. Truleg skulle det vere løn for hjelpa. Sidan gjorde mannen aldri huldrene noko anna enn godt, og då vende lukka tilbake.
Etter den tid har det alltid vore lukke og velstand i Frøvik.
Foto : Maleri av Knud Bergslien