MHB-F.001830

Arrangement Karmsund folkemuseum

Kassaspikring og livet på Vibrandsøy

5 øre lokket

Dato: 29.04.2020

Tidspunkt: 29.04.2020

Sted: Skåregaten 142 Haugesund

Pris: Gratis

Dei vaksne spikra kassane, dei unge endane, medan barn, jenter og gutar, spikra lokka.

Spikring av kassar var eit arbeid som varde ut på 1950 talet og 1955 blir rekna som det siste store sildaåret i Haugesund.

Med god hjelp frå Vibrandsøy karane  Hans Sundve, John Knudsen og Einar Sæbø har kassalokk spikring vore eit fast innslag i formidlings opplegget «Vårslepp» som Karmsund Folkemuseum kvart år tilbyr 10 åringane i Haugesund.

Einar Sæbø fortel at han starta som kassaspikrar alt som fem åring. Eitt øre var betalinga, men auka etter kvart til 5 øre pr. lokk. Pengane var dine lommepengar og for 5 øre fekk du ein stor smørbukk karamell. Var ein ivrig kunne ein klare 100 – 150 lokk pr. dag.

Det vart spikra kassar på alle brygger, mange tusen og kassane vart lødd i kolossale «kassala» mest som store hus med kanalar inni.

Karane frå Vibrandsøy kan fortelje at dei hadde mykje moro i «kassalaa» men ikkje alt får vi lov å fortelje vidare.

Foto Karmsund folkemuseums fotosamling,MHB-001830 (truleg på Risøy)

I Årbok for Karmsund folkemuseum 1995- 96  har Einar Sæbø har fortalt meir om livet på Vibrandsøy. Artikkelen kan du lese her:Einar Sæbø i aksjon under Havnadagane i 1993 (Foto Sverre Hauge)

http://haugalandmuseet.no/wp-content/uploads/2019/01/Vibrandsoy-Mi-oy-av-Einar-Saebo.pdf

Finn veien

Se hva som
skjer hos oss