bh021224 Haugalandmuseetportretter440257

Aktuelt Haugalandmuseet

Ny bygningsvernrådgjevar

No er Mathilde Engum Rolland på plass i stillinga som bygningsvernrådgjevar i Haugalandmuseet, som inkluderer kommunane Utsira, Bokn, Vindafjord, Tysvær, Haugesund og Karmøy. Mathilde er arkitekt, med spesialisering innanfor restaurering og kulturarv frå Arkitektskulen i Aarhus. Ho har dei siste to åra jobba som arkitekt hos eit arkitektkontor i Bergen.

Dato: 2024

Eigarar av verneverdige bygningar i Ryfylke og Haugalandet har tilbod om gratis rådgiving i samband med restaurering og vedlikehald av gamle bygningar.  Tenesta er eit pilotprosjekt, finansiert av Rogaland fylkeskommune, med ei stilling ved Haugalandmuseet og ei stilling ved Ryfylkemuseet. Tilbodet er i hovudsak retta mot restaurering og vedlikehald av bygningar, ikkje ombygging og utviding/tilbygg. Etableringa av dette tilbodet er eit av tiltaka i den nye regionalplanen for kulturmiljø, som vart vedteken av fylkestinget i juni 2023. Det overordna målet med tenesta, er å bidra til å sikre kulturarven på Haugalandet, ved å rettleie eigarar av eldre hus. I 2025 skal tilbodet evaluerast, og målet er at rådgjevingstenesta blir utvida og eit fast tilbod frå 2026.

Fylka Agder, Vestland, Innlandet og Viken har bygningsvernrådgivarar eller bygningsvernsenter i fylka sine. Dei har gjort mange gode erfaringar, og ein kan mellom anna sjå ein auke i samla mengd av tilskot til restaurering i dei fylka der dei har denne type rådgivingstenester, seier Kristian Valen, rådgivar i seksjon for kulturarv i Rogaland fylkeskommune. Målet er å sikre gode rådgivingstenester innan bygningsvern for eigarar i heile fylket på sikt, avsluttar Valen.

Informasjon om hva tenesta kan tilby:
https://haugalandmuseet.no/arrangement/bygningsvernradgjevar-pa-haugalandet/

 

Kontakt:
Mathilde Engum Rolland, bygningsvernrådgjevar
Mobil: 459 19 679, e-post: mer@haugalandmuseet.no