Aktuelt Haugalandmuseet
Nytt tilbod til eigarar av verneverdige bygningar!
Dato: Fredag 12. januar 2024
Pressemelding Haugesund 12.01.2024
Eigarar av verneverdige bygningar i Ryfylke og Haugalandet har no fått tilbod om gratis rådgiving i samband med restaurering og vedlikehald av gamle bygningar. Den nye tenesta er finansiert av Rogaland fylkeskommune, og er eit pilotprosjekt, med ei stilling ved Haugalandmuseet og ei stilling ved Ryfylkemuseet.
No etter nyttår er Rune Johnsen på plass i Haugalandmuseet, slik at huseigarar på Haugalandet og kan nytta tilbodet om råd og rettleiing. Han har lang erfaring som tømrar innan restaureringsfaget, og har dei siste seks åra arbeidd med kulturminne og bygningsvern i Karmøy kommune.
Etableringa av eit slikt lågterskeltilbod med bygningsvernrådgivarar er eit av tiltaka i den nye regionalplanen for kulturmiljø som vart vedteken av fylkestinget i juni. Det overordna målet med denne nye tenesta er å bidra til å sikre vår kulturarv. Johnsen erfarer at fleire og fleire er opptatt av å gjenbruka og ta vare på dei bygningane som allereie er bygde.
«Dei representerer ei viktig del av vår historie, og med denne rådgivartenesta er målet å bidra til at Haugalandets eldre bygningar ivaretakast og forvaltast slik at kommande generasjonar og kan få glede av dei. Kyndig rådgjeving skal sørge for at vedlikehald og istandsetting gjerast i tråd med kvar enkelt bygning si stil og historie», seier Rune Johnsen.
Rune Johnsen, byggmeister og bygningsvernrådgjevar, er no tilsett ved Haugalandmuseet. Han skal gi råd til huseigarar i kommunane Utsira, Bokn, Vindafjord, Tysvær, Haugesund og Karmøy. Eit tilbod som i hovudsak er retta mot restaurering og vedlikehald av bygningar, ikkje ombygging og utviding/tilbygg.
«Som eigar av eit gamalt hus, er det viktig å ta seg tid til å bli kjend med bygninga», seier Rune Johnsen. Han anbefaler å ikkje ta forhasta val som går ut over husets verneverdi, men vera bevisst på at originale detaljar og bygningens særpreg blir med vidare når ein skal setta i stand eit gamalt hus.
Blir istandsettinga gjort etter antikvariske prinsipp, er det og stor moglegheit for å få økonomisk stønad. Eit av måla for rådgivartenesta er å rettleia huseigarar med å søka slike tilskotsmidlar.
Pilotprosjektet er finansiert av Rogaland fylkeskommune og skal driftast av musea. I 2025 skal tilbodet evaluerast, og målet er at rådgjevingstenesta blir utvida og eit fast tilbod frå 2026.
«Både Agder, Vestland, Innlandet og Viken fylke har bygningsvernrådgivarar – eller senter i fylka sine. Dei har gjort mange gode erfaringar, og ein kan mellom anna sjå ein auke i samla mengd av tilskot til restaurering i dei fylka der dei har denne type rådgivingstenester», seier Kristian Valen, rådgivar i seksjon for kulturarv i Rogaland fylkeskommune. «Målet er å sikre gode rådgivingstenester innan bygningsvern for eigarar i heile fylket på sikt», avsluttar Valen.
Ta gjerne kontakt for intervju:
Rune Johnsen, bygningsvernrådgjevar, mobil 470 28 801, e-post: rj@haugalandmuseet.no
For informasjon om tenesten og ordninga, kontakt gjerne:
Grethe Paulsen Vie, avdelingsleiar, mobil 481 52 509, e-post: gpv@haugalandmuseet.no