IMG_9911

Aktuelt Karmsund folkemuseum

Søndagsforedrag i januar

Velkommen til søndagsforedrag og handverksdag i januar! Vi setter fokus på klima og berekraftig bygningsvern og spør om me kan læra noko av den lokale byggjeskikken? Finst det metodar og tankesett i dei gamle bygningane som kan læra oss i dag noko om klimatilpassing og klimagassreduksjon?

Dato: Januar 2023

Søndag 8.januar
Kl. 13.00
Skudeneshavn- byen som verna seg sjølv
-engasjement, tradisjonshandverk og gjenbruk.
Ved Ane Steingildra Alvestad, kommuneantikvar og Rune Johnsen, kulturvernskonsulent, Karmøy kommune.

Skudeneshavn er eit av Noregs best bevarte trehusmiljø og fredninga skal sikra dei kulturhistoriske og arkitektoniske verdiane i gater, hamnebasseng, bryggjer, allmenningar, park, hagar og andre grøntområde. Bygningar frå tida etter 1940 skal sikrast i den grada det er nødvendig av omsyn til kulturmiljøet. Fredninga er ikkje til hinder for at Skudeneshavn blir haldne oppe og blir vidareførte som ein levande by med bustader, handel og anna næringsverksemd. I foredraget får du innsikt i kva fredningen betyr for Skudeneshavn og korleis innbyggjarar og kommunen tenkjer om handverk og gjenbruk av materiale i byen. Inngang kr. 70/50.

Søndag 15.januar
Kl. 13.00
Prosjekt Hotellkrossen i Etne
-korleis gjere eit gamalt tømmerhus meir energieffektivt?
Ved Inga Klokkerstuen Wangensteen

I Hotellkrossen i Etne står eit hus som vart flytta frå Bergen til Etne i 1888. Dei første tiåra var det landhandel og hotell i huset, men har i seinare tid vore privat bustad. Inga Klokkerstuen Wangensteen og familien hennar er femte og sjette generasjon som bur i huset. Dei byrja restaureringa av huset i 2021 og flytta inn i januar 2022. Å ta vare på huset si historie og estetiske kvalitetar gjennom gjenbruk og bevaring var viktige mål i prosessen. Samstundes var det behov for å gjere huset meir energieffektivt, særleg med omsyn til oppvarming.  I foredraget får du vite litt om gode løysingar og erfaringar frå dette prosjektet. Inngang kr. 70/50.

Søndag 22.januar
Kl. 13.00
Fotografi som kjelde til restaurering av eldre bygningar
Konservator Grethe Paulsen Vie, Haugalandmuseet

Museets fotosamlingar rommar mange fotografi av bygningar frå by og bygd på Haugalandet. Både byar, tettstader og landlege bygningsmiljø har vorte hyppig foreviga sidan fotografiet kom i bruk. Gamle foto er ofte undervurdert som kjelde til opplysningar når eldre bygningar skal restaurerast. Mange av bygningane er søkbare på nettet, på Digitalt museum. I foredraget vil du få eit innblikk i kva bygningsarkiv som finst på museet og døme på korleis fotografia kan brukast som kjelde. Inngang kr. 70/50.

Tips og gode råd:
Enøk i gamle hus:
enoek-tiltak_i_gamle_hus.PDF (wordpress.com)