Utstilling Haugesund billedgalleri
Arr. Haugesund kunstforening
Dato: 11. februar - 13. mars 2022
Åpningstider: Åpningstider: Tirsdag - Fredag 12-15/ Lørdag - Søndag 11-15
(mandag stengt)
Sted: Haugesund Billedgalleri, Erling Skjalgssonsgt. 4, 5523 Haugesund
Pris: Voksen 70,- Honnør 50,-, Barn under 16 år gratis inngang (medlemmer i Haugesund kunstforening og Haugalandmuseets venner - gratis inngang ved framvisning av medlemskort)
Vestlandsutstillingen 22 – Monument.
Sal 1 og Sal 2
Cecilia Jonsson, Christoffer Eide, Dominique Hurth, Erin Sexton, Henrik Koppen, Icaro Zorbar, Jasmine Børresen, Kari Hjertholm, Kobie Nel, Joel Danielsson & Louise Öhman, Mathijs van Geest, Petra Dahlstrøm, Serina Erfjord, Stacy Brafield, Susanne Steen Christensen, Tora Endestad Bjørkheim.
Kuratert av Espen Johansen
–
Vi har jobba mykje med å diskutere kva ei landsdelsutstilling som Vestlandsutstillingen er, og det faktum at den fyller hundre år i 2022. Kva for symbolikk ligg i eit hundreårsjubileum? Slike runde tal vert ofte tolka som ein invitasjon til å oppsummere det som har vore, og komme med spådomar for det som skal kome. I staden for berre å feire Vestlandsutstillingen som institusjon ønskjer vi å snu blikket innover mot sjølve markeringa (og i grunnen alle slike former for markeringar); for kvifor er det eigentleg så viktig å einast om historia, og kva rolle spelar kunsten i slike samanhengar?
Forumet for det offentlege ordskiftet er ikkje lenger på torg eller i rådhus, ikkje nødvendigvis på TV eller i avisene heller, men i aukande grad på nett gjennom uredigerte, lett manipulerte, sosiale medier. Kva betyr det offentlege rom i dag og kva potensial ligg det i kunsten som kommunikasjonsmetode i vårt medialiserte samfunn?
Ordet monument kjem frå det greske ordet mnemosynon og det latinske ordet monere, som betyr «å minnast», «å rådgje» eller «å advare», som impliserer at monument kan hjelpe oss å forstå fortida og føreseie framtida. Historisk sett har kunst blitt brukt til å visualisere all verdas hendingar og prominente individ og slik sementere visse forteljingar. Med monumentet som utgangspunkt reiser utstillinga spørsmål om førestillingane ein har til kunst i det offentlege som bidragsytar til ein slags kollektiv hukommelse. Kanskje er eitkvart monument dømt til å feile dersom ein har slike urealistiske forventningar til kva det skal oppnå. Ved å gje rom til små og personlege historier, trekkje fram kollektive prosessar, eller fremje handverk og materielle utforskingar, ønskjer vi å reflektere over kva for forteljingar vi omgjev oss med og kva inntrykk vi blir påverka av i det daglege, og kor vidt kunsten kan utgjere eit alternativ. Difor freistar ikkje utstillinga korkje å stadfeste eller tydeleggjere definisjonen av eit monument, men snarare å komplisere, utvide eller oppløyse omgrepet. Fordi kunsten trengs ikkje til å formidle ei sanning, men kanskje kan den så tvil om slike forenklingar og i staden minne oss på at det kan vere fleire.
–
Vestlandsutstillingen sitt 100-årsjubileum vert vist som ei turnerande gruppeutstilling i Haugesund, Ålesund, Øystese, Stavanger, Førde og Bergen. Til kvar visningsstad vil vi vise eit stadspesifikt kunstverk.
Mathijs van Geest er invitert til å lage eit nytt kunstverk i byrommet i Haugesund, og har utvikla ein ny font (skrifttype), Autumn of the Alphabet, som er tilgjengeleg for publikum til nedlasting og bruk. I tillegg har van Geest laga skulpturelle versjonar av bokstavane, som okkuperer benkar og eit stort banner på Karmsund folkemuseums sin fasade. Typografien er Sans Serif og er designa som om bokstavane ligg sidelengs, som om dei tek ein blund, kviler eller er i rekonvalesens. Er dei dytta over ende eller tek dei berre ein pause?
Prosjektet er støtta av Rogaland Fylkeskommune, Vestland Fylkeskommune, Møre og Romsdal Fylkeskommune, KORO, Bergen kommune, Norsk Kulturråd, FORART Institute for Research within Contemporary Art.