Aktuelt Haugalandmuseet
På denne vårdagen feirar me at Moder Jord gjev oss liv og næring. Dagen blei initiert av FN-sambandet for å fremja medvit om menneske si innverknad på miljøet. Men, denne feiringa kjem ikkje utan bismak. Visste du at maling føyrer til utslepp på omtrent 800 tonn mikroplast kvart år? Dette kjem frå landbaserte kjelder som til dømes utandørsmaling på bygningar som flassar av og ender opp i naturen.
Dato: 22.april 2026
I Noreg har me nytta linoljemaling for å verna husa våre sidan 1600-talet. Dette er ei vakker, varig og effektiv overflatebehandling som ikkje inneheld plast. Rundt den same tida byrja me å kle husa i panel, og linoljemaling var eit høvande produkt laga av linolje og pigment som trakk godt inn i treverket og danna ei beskyttande hinne mot utsida.
Linoljemaling har altso vore testa i norske vêrforhold i hundrevis av år og fungerer som eit solid “offersjikt” for underlaget. Det kan gå lang tid mellom kvar behandling og malinga påførast i svært tynne lag, noko som gjer at eit spann med linoljemaling held vesentleg lenger enn eit spann med moderne maling.
Frå 1950-talet blei alkyd og seinare akryl lagt til linoljemalinga for å skapa ei tettare overflate. Maling som inneheld alkyd og akryl er plastmaling då olja i malinga er kjemisk framstilt, og dette er standard innhald i moderne maling. Maling med plast utkonkurrerte raskt linoljemalinga, då det tørka raskare og gav ei meir blank flate.
Med tida har me skjønt at ei tettare overflatebehandling ikkje nødvendigvis er betre, då ei overflate må pusta for å bli kvitt fukt som kan skada bygningen. Når me i tillegg ser at maling er ei av dei største kjeldene til mikroplast i naturen, burde me tenka oss godt om når våronna kjem og huset skal malast på nytt. God feiring!
Referansar:
Drange, Tore. Aanensen, Hans Olaf. Brænne, Jon. 2011. Gamle Trehus: Historikk, reperasjon og vedlikehold. Oslo: Gyldendal.
FN-Sambandet. 2023. “Internasjonal Moder Jord –dag”. Internasjonal Moder Jord-dag
Miljødirektoratet. 2024. “Mikroplast”. Mikroplast – miljodirektoratet.no
Paulson, Hedda Skagen. 2021. Overflatebehandling: Trehusets fasader. Oslo: Fortidsminneforeningen.