Nedstrand bygdemuseum - gamle Stranda skule
Ikon åpningstider Ikon priser Ikon finn veien Ikon bestill omvisning Ikon kalender Ikon kontakt

Nedstrand bygdemuseum

Nedstrand Bygdemuseum i Tysvær fortel historia om trelasthandelen i Ryfylkefjordane på 1500- og 1600-talet, om Nedstrand som strandstad og administrasjonssenter for Ryfylke Fogderi og om kvardagslivet i distriktet tidleg på 1900-talet.

Nedstrand bygdemuseum består av ei rekke separate utstillingar i og rundt Stranda i Nedstrand. Ved tunet til gamle Stranda skule finn vi museet sitt hovudkontor og fleire spanande utstillingar sett saman frå lokale samlingar. På sjølve tunet er bygd eit lite amfi som vert nytta til forteljingar, foredrag og konsertar på fine solskinnsdagar, og i eit vernebygg på ferjekaien like i nærleiken er husa eit av landets eldste trebygg — ei restaurert tollbod frå 1549. Denne var m.a. del av ein større tollstasjon, «Ryfylke toldsted», som spela ei viktig rolle i den omfattande trevarehandelen som fann stad i området i fleire hundre år.

Nedstrand bygdemuseum disponerer elles eit tur- og friluftsområde på Leirå, kor ein kan besøka den gjenreiste Nessaskulen, med interiør frå 1860-talet. Og på Leiranger finn vi restane av muren til det gamle leidangsnaustet til Leiranger skibrede, som har sine røter tilbake i vikingtida.

Ikon åpningstider

Åpningstider

Stengt for sesongen
Velkommen tilbake sommeren 2024

Ikon priser

Priser

Vaksenbillett: kr. 70
Student-/honnørbillett: kr. 50
Barn under 16 år: gratis

 

Ikon kontakt

Kontakt

T: 466 68 894 / 908 85 017

E-post

Se hva som
skjer hos oss

Finn veien