Rødt stabbur foran landlig natur

Vindafjordmuseet

Utstilling om Natostasjonen på Lysenuten. Ein rik samling frå hverdagsliv og den lokale skipsbyggingshistoria.

Museet er forma som eit bygdetun med røykstove, stabbur, kvernhus, steinhoggarbu og driftsbygning. På tunet finn du også kommunen sin siste telegrafstasjon, som ein av dei einaste i distriktet.

Museet  har fokus på lokal handverks- og næringshistorie, då særleg tradisjonar knytta til skipsbygging. Her finn du ei rik samling av gjenstandar frå arbeids- og kvardagsliv og modellar av seglskuter frå vervartida. Du får høyra den spennende historia om NATO-anlegget på Lysenuten frå den kalde krigens dagar. Museet har fleire kjekke aktiviteter. Her kan du vere med å veve; på stolvev, naturvev og lage din egen draumefangar! Du kan prøve deg på bogeskyting, stylter og rebus.

Vindafjordmuseet omfattar skulemuseet i Skjold, i Ersland gamle skulestove. Skulemuseet er ope i samband med skulebesøk og arrangement. Ta gjerne kontakt for å avtale nærare.

Åpningstider

Museet er ope kvar tysdag og sundag: kl. 12:00-15:00.

Priser

Vaksenbillett: kr. 100
Student-/honnørbillett: kr. 70
Barn under 16 år: gratis

Kontakt

T: 99 89 43 20/ 52 70 93 60

E-post

Se hva som
skjer hos oss

Finn veien