Eksteriørbilder av Bokn bygdemuseum, det gamle ungdomshuset på Håland
Ikon åpningstider Ikon priser Ikon finn veien Ikon bestill omvisning Ikon kalender Ikon kontakt

Bokn bygdemuseum

Bokn bygdemuseum gir eit mangfaldig innblikk i livet på Bokn, frå 1850-1900.

  • I det gamle ungdomshuset på Håland på Vestre Bokn finn du skattkammeret Bokn bygdemuseum. Museet er inndelt etter tema, og viser meir enn 4000 historierike gjenstandar frå mellom 1850 og 1950. Gjennom nøye innreidde soverom, stove og kjøkken får ein eit godt innblikk i det gamle heimelivet på Bokn. Eigne avdelingar vigde til landbruk og fiske byr på ei brei utstilling av reiskapar og anna utstyr knytta til tradisjonelt arbeidsliv på øyene. Bygget husar òg ein skomakarverkstad og ei skulestove. Sjølve museumsbygget er frå 1909, og fortel sin del av historia til ungdoms- og fråhaldslaget på Bokn.

Bokn Bygdemuseum er ope for publikum kvar sundag om sommaren, frå siste halvdel av juni til første halvdel av august. Både museumsbygget på Håland og gardstunet på Laupland kan elles besøkast etter avtale.

Ikon åpningstider

Åpningstider

Stengt for sesongen

Ikon priser

Priser

Vaksenbillett: kr. 50
Student-/honnørbillett: kr. 30
Barn under 16 år: gratis

Ikon kontakt

Kontakt

T: 52 75 25 00

E-post

Se hva som
skjer hos oss

Finn veien