Aktuelt Vindafjordmuseet
Frå ca. 1955 til 1991 var det aktivitet og drift i Natostasjonen på Lysenuten i Vikedal, Vindafjord kommune. Denne stasjonen var ein del av Nato sitt forsvarsarbeid under den perioden som vart kalla «den kalde krigen.» Anlegget vart bygd opp for å kunne kommunisere med Shetland, Grimstad og heilt til Tyrkia. Fleire av dei som jobba på Nuten var fastbuande i Vikedal.
Dato: 09.04.2021
Tidlegare har arbeidet og informasjon kring stasjonen vore knytt til teieplikta. I 2015 starta Vindafjordmuseet å samle inn foto og historier til dei som jobba der, slik at ettertida kan få innblikk i korleis det var å arbeide på eit slikt viktig forsvarsanlegg. Dokumentasjonsarbeidet er tatt opp igjen i 2021, med intervjua av fleire av dei som var tilsette på stasjonen. Vi planlegg å lage ei utstilling når dokumentasjonsprosjektet er ferdig.
Foto: Jonny Langhelle