IMG_8665

Aktuelt Haugalandmuseet

Sild og telemarksroser | vi forsker på rosemaling!

I Derikhuset på Hillesland, sør på Karmøy, er det to flotte rosemalte dører. Samtidig med restaureringen av selve våningshuset, forsker vi på rosemaling – hvilken maling som er brukt, motiv og hvem som malte dørene.

Dato: 2022

Aller først: korleis hengjar sild og telemarkrosar saman?

I 1808 kom silda tilbake til Vestlandet  og i 1830-1850 var Karmøy sentrum for sildefiske på heile norskekysten. Folk strøymde til Skudenesfisket, frå Lindesnes i sør til strilalandet i nord.  Frå Setesdal og Telemark tok folk seg over fjellet om hausten for å ta del i sildefisket rundt Karmøy og arbeid med sild og fisk på land. Medan dei venta på silda, vart dei sende opp i heiene på Karmøy for å mura steingjerde. Den dag i dag finn me desse steingjerda på kryss og tvers inne i Karmøy-heiene.

Eit anna spor etter telemarkingane er telemarkrosane som er måla på dørene i fleire hus på Karmøy. Frå 1820 og 40-50 år framover var telemarkingane årvisse gjester i Hardanger, Sunnhordlandsbygdene og i dei ytre kystbygdene. Sildefisket og fraktefarten gjorde sitt til at pengehushaldet tidlegare vatn innpass her enn austanfjells, og bygdene på Vestlandet var ein god marknad.

Frå fjellbygdene øvst i Hallingdal og Telemark kom folk etter at onnearbeidet var ferdig, eller tidleg om våren, på skareføre, for å henta seg forteneste. Ein heil hær av lauskarar, husmenn og småbrukarar var på vandring: slåttekarar, gråsteinsmurarar, driftefolk og kramkarar, spelemenn og rosemålarar – og folk som drog ut til kysten for å delta i sildefisket. Rosemålarane var ikkje først og fremst uttrykk for ein kulturell ekspansjon frå bygdene i Hallingdal og Telemark, dei var ein del av arbeidsvandringar, ei stor pendlarrørsle mellom bygdene.

Det var mange unggutar som reiste ut frå smågrender i Telemark for å prøva lukka. Svært mange av dei slo seg på måling, og mange av dei hadde gode anlegg for dette handverket. Mellom 40-50 målarar må ha gjesta fjordbygdene; det vil seia nærare 40% av målarane i Telemark. Ikkje så heilt få av dei kom attende på målarferder med jamne mellomrom over ein lang periode. Dei langveisfarende rosemalarne var håndverksspesialistar som kryssa mange kulturgrenser på sine vandringar. Dei hadde med seg malerbøker og skillingstrykk i skreppa si, og blei på denne måten formidlere av motiv og ideer i lokalsamfunnet. Folkekunstneren var både håndverkar og kulturformidler.

Over den ene døra i Derikhuset er årstallet 1844 malt – og vi kan med ganske stor sikkerhet si at en telemarking har vitja Derikhuset og dekorert dørene der.

           

Kilde:
https://haugalandmuseet.no/wp-content/uploads/2019/01/Slekta-i-Derikhuset-p%C3%A5-Hillesland-av-Martin-Gjersvik.pdf