Aktuelt Haugalandmuseet
Er du eigar av ein eldre bygning, og er usikker på kva du kan eller bør gjera for å ta vare på den? Då kan du ta kontakt med oss for gratis råd og rettleiing. Haugalandmuseet er del av eit pilotprosjekt frå Rogaland fylkeskommune der huseigarar kan få besøk og rådgiving av ein bygningsantikvar med kompetanse på eldre bygningar
Dato: 22.juni 2026
Gratis synfaring og rådgjeving for eigarar av verneverdige bygningar
Bygninga treng ikkje væra freda eller formelt verna for å væra aktuell for tilbodet. Ta kontakt dersom du er usikker på om huset ditt er aktuell for ordninga.
Tilbodet er avgrensa til eitt dagsverk pr. førespurnad.
Kva får du ut av dette tilbodet?
Dersom du har behov for spesialkompetanse kan me gje råd om kor du kan leite.
Etter synfaringa får du ein skriftleg rapport om bygninga og kva som blei sett på. Rapporten inkluderer gjerne gamle bilde eller informasjon om vernestatus, dersom dette er tilgjengeleg. I synfaringa og rapporten kan me også sjå på og snakka om den generelle tilstanden. Rapporten kan med fordel leggast ved søknadar om økonomisk støtte til antikvarisk restaurering. Museet tek gjerne bilde under synfaringa, dersom du tillèt det.
Kva får du ikkje gjennom dette tilbodet?
Tilbodet er i hovudsak retta mot restaurering og vedlikehald av bygningar, ikkje ombygging og utviding/tilbygg. Ta kontakt om du er usikker.
Som del av dette tilbodet vil det også bli arrangert kurs om aktuelle tema. Desse kursa blir annonsert på nettsida vår og i relevante media.
Kontakt: Tarjei Steffensen Sortland, bygningsvernrådgjevar, tss@haugalandmuseet.no
