Bilde1

Arrangement Dokken museum

Informasjonskveld/ kurs for private huseiere

Har du eit gammalt hus som treng omsorg? Å ta vare på eldre bygningar krevjar både kunnskap, tolmod og vilje. Det finst heldigvis fleire økonomiske tilskotsordningar tilgjengeleg, samt rådgjeving innan bygningsvern for å hjelpa deg på vegen.  

Dato: Torsdag 1. oktober kl 19-20

Sted: Sildemuseet i Dokken, Brugata 1D, 5523 Haugesund

Pris: Gratis

Kurs i søknadsskriving for eigarar av gamle hus
Me har gleda av å invitera til informasjonskveld for huseigarar, handverkarar og andre med interesse for bygningsvern. Her kan du læra om kva støtteordningar som er tilgjengeleg, korleis du skriv ein god søknad, og få gode råd om gamle hus.

Program
19.00 – 19.15  Velkomst og introduksjon ved bygningsvernrådgjevar Tarjei S. Sortland
19.15 – 19.30 Støtteordningar, Rogaland fylkeskommune ved Ane Steingildra Alvestad
19.30 – 19.35 Beinstrekk
19.35 – 19.50 Løa på Vibrandsøy, Fortidsminneforeininga ved Jan Arve Torgersen
19.50 – 20.00 Spørsmål og diskusjon

Tid og stad
Bedehuset i Dokken, Hasseløy, Haugalandmuseet
Torsdag 1. oktober kl. 19:00 – 20:00 påfølgande bygningsverndagen

Påmelding og spørsmål
Det er gratis inngang, meld deg på her for å sikre deg plass (maks 30 personer): TicketCo
Det blir mogleg for deltakarar ved bygningsverndagen til å melda seg på kurset så langt det er plass.

Kven er me?
Haugalandmuseet tilbyr gratis bygningsvernrådgjeving på Haugalandet for innbyggjarar i Vindafjord, Utsira, Tysvær, Bokn, Karmøy og Haugesund kommunar. Tenesta er finansiert av Rogaland fylkeskommune.

Informasjonskvelden starter rett etter arrangementet Bygningsverndag i Dokken, som starter kl 17 og avsluttes kl. 19: Bygningsverndag — Haugalandmuseet

 

Finn veien

Se hva som
skjer hos oss