170820 Ørpetveit museet Ørpetveit museumsgård

Aktuelt Haugalandmuseet

Fredagsgløtt frå samlinga | Bygningsvern

Løa på museumsgarden Ørpetveit rommar eit sjeldan døme på grindverk, ein byggemåte som har prega Vestlandet i tusener av år og framleis vitnar om imponerande handverkskunnskap.

Dato: 16. oktober 2026

Fleire av bygningane på garden Ørpetveit i Haugesund stammar frå tidleg 1800-talet, medan garden truleg har vore i drift sidan vikingtida. Løa er bygd med grindverk og fjøsen av lødd naturstein og lafta tømmer. Med to ståande stolpar og ein liggande bjelke blir grinda bunde saman av skråstivarar, trenaglar og samanføyingar. Desse bygningsdelane blir tradisjonelt kalla stavar, slinder og skråband, og utgjer til saman éi grind.

Med grove mellomrom på fleire meter kan ein setja opp fleire grinder og binda dei saman med stavlegje i lengda. Stavlegja ligg altså oppå stavane og går langsmed bygget. Dette utgjer ein konstruksjon som er solid men fleksibel på same tid, der treverket sine eigenskapar blir kløktig brukt til å motstå trykk, strekk og bøyepåkjenningar.

Vel å merke, har grindverk tradisjonelt vorte nemnd som stavhus eller reisverk i Rogaland. Likevel er «grind» ei nemning som litterært blir bruka til å skildra denne byggemåten som strekker seg frå Agder i sør til Romsdalen i nord. Det er ein velutvikla og relativt einsarta byggetradisjon som har levd i 3500 år. Truleg på grunn av sin luftige konstruksjon som krevjar mindre materialar, tørkar lettare opp og kan gje store rom under tak.

Grindene i løa på Ørpetveit. Foto: Ana Goncalves/Haugalandmuseet.