Aktuelt Haugalandmuseet
Ei av dei viktige oppgåvene til Haugalandmuseet er å forvalte kulturhistoriske bygningar i samlinga vår. Hovudprosjektet i 2021 er restaurering av uthuset i Wrangellhagen i Haugesund. Uthuset blei oppførd i 1900, og har vore nytta som vognhus, stall for hest og garasje for bil. Det ligg på eigedomen til den ærverdige Wrangellvillaen, som blei oppført i 1894 av skipsreiar H. M. Wrangell.
Dato: 11.08.2021
Arbeidet starta opp i mars og er berekna sluttført i september. Museumshandverkar Jan Egil Nes og lærling Sigbjørn Tveit restaurerer bygninga etter antikvariske prinsipp. Det vil si at bygningsdelar som har råte skiftast ut likt for likt. Riktig tresort og verktøy velges med omhu for at restaureringa skal bli så god som mogleg. Vi bevarer og verktøyspor og spor etter bruk der vi kan.
Etter ei tilstandsvurdering utført i 2019 blei bygninga satt til Tilstandsgrad 2 (vesentlege symptom) og Tiltaksklasse 2 (Moderate reparasjonar). Delar av bygninga var i ganske bra stand, mens andre delar hadde dårleg tilstand, med mykje råte. Etter at vi starta har vi endra til Tiltaksklasse 3 (Store inngrep) – etter at vi avdekka at heile sørveggen, samt golv og konstruksjonar måtte skiftas ut.
Før vi starta arbeidet blei bygninga dokumentert, med fotografi, mål og teikningar. Det blei deretter laga nye konstruksjonar, likt for likt, på verkstad, før dei gamle blei merka og tatt ned. For å forenkle arbeidet blei bygninga demontert, heilt ned til grunnmur. Oppføringa er no godt i gang, og konstruksjonar, sutak og kledning er på plass igjen. Vi har skifta ut rundt 1/3 av konstruksjonane – av bjelkelagg, sviller, stendere og taksperr. På yttervegg mot vest og nord kunne det meste av den gamle kledninga brukast om igjen, mens ny kledning er lagt på yttervegg mot øst og sør.
Mesteparten av bygninga er oppført i gran, med nokre innslag av furu, noko som er uvanleg for bygningar frå denne perioden, i alle fall bygningane i Haugalandmuseets samling. Vanleg byggemateriale til godt ut på 1900-talet har vore furu, som er seintvaksande og mindre utsatt for råte. Det er mogleg gran blei vanleg som byggemateriale i byane tidlegare enn andre stader. For å finne svar på dette gjenstår meir forskning.
Vidare arbeid er reparasjon og tilbakeføring av vindauge og dører til opphaveleg stil, legging av skifertak og maling av bygninga. Arbeidet kan følges dag for dag, frå fortauskanten i Skåregata i Haugesund. Handverkarane har tid til ein prat og, om du stoppar opp.