IMG_6904

Aktuelt Haugalandmuseet

Å ta vare på gamle hus – korleis bruke linoljemaling

Eldre bygningar blir best bevart ved å nytta overflatebehandling som følgjer tradisjonelle metodar for handverk og materialbruk. Linoljemaling har vore i bruk på norske hus frå 1600-talet og fram til i dag fordi ho har eigenskapar som vernar godt om underlaget. Ei overflate med linoljemaling er diffusjonsopen som gjer at materialet kan pusta og dermed unngå fukt- og ròteskadar. Her kjem ei kort oversikt over korleis du kan nytta linoljemaling som overflatebehandling på ditt gamle trehus.

Dato: 6. mai 2026

Påføring av linoljemaling: før, undervegs og etter 

Stillas og tildekking
Ved å tildekka overflatane vil ein hindra at støv, skit og pollen sit seg fast på førehand. Det beste alternativet er stillas, som sikrar god tilgang til overflatane undervegs og skjermar mot både skit, direkte sollys og regn. Ein burde i tillegg dekka til områder som blir vaska eller mala undervegs ved å nytta ein presenning som står ut frå bygget. Andre alternativ til stillas kan væra lift eller stige.  

Fjerning av maling
Skrap vekk laus maling frå overflata med handkraft ved hjelp av ein stålbørste, og i tillegg malarskrape ved behov. Hugs å skrapa med fiberretninga til treet og unngå for mykje makt. Om ein skrapar treverket for hardt vil det mista vedheftet, som betyr at påfølgande overflatebehandling vil ha problem med å festa seg. Det kan igjen føra til uønska oppsprekking og blemmer i malinga.  

I somme tilfelle har feil bruk av overflatebehandling vore so omfattande og vedvarande at all maling må fjernast før ein kan påføra ny linoljemaling. Dette kan bli gjort ved hjelp av varmebehandling, men då er det lurt å søka råd eller hjelp frå fagkyndige innan tradisjonshandverk – spesielt om bygningen er verneverdig. 

Vask og nedbryting av overflata
Etter skraping av laus maling, er det heilt vesentleg å vaska kledninga av fleire grunnar. Den eine er at skit og svertesopp blir fjerna, men vasken bryter også ned underlaget slik at malinga kan festa seg. Blandinga blir enkelt utført med ei 10 liters bøtte med varmt vatn, 2 dl salmiakk og 2 dl husvask. Salmiakken vil gjera overflata ru og treig, og huskvasken skummar blandinga so han held seg betre fast på overflata. Påfør med spesialkost som held godt på vatn og skyll med ein hageslange. Tenk at du simulerer naturleg regn, og skyll ovanfrå og ned med vid spredning på hageslangen. 

Unngå bruk av høgstrykksspylar, då det skadar treverket sin overflate i tillegg til at vatnet går inn i sprekkane og skapar fuktproblem frå innsida av kledninga. Me frårår også bruk av sterke kjemiske midlar som t.d. kraftvask og malingsfjernar, då det kan føra til at framtidige malingslag losnar.  

Tørking, vêr og fuktinnhald i treverket 

For å sikra god tørking er det nødvendig å ha riktige forhold med tanke på fukt og temperatur. Ein kan byrja å mala tidlegast i mai når temperaturen er høgare enn 8-10 °C i lufta. Fuktinnhaldet i treverket må væra under 15 % før ein byrjar å mala. La overflata tørka i 3-4 dagar etter vask, og når det er overskya og passe varmt kan de byrja å mala. 

Vøling og reparasjon av skada materialar
Om du avdekker skadar, byt ut den rådeskada delen av kledninga, skøyt på eksisterande kledningsbord med trelim, skrap overflata og mal som vanleg. Hugs grunning av den bare overflata. Eig du eit eldre, verneverdig hus kan du gjerne kontakte ein snikkar med erfaring innan tradisjonshandverk.  

Påføring av linoljemaling
Linoljemalinga treng 2-3 strøk i tillegg til grunning på bare overflater. Dette må du hugse på: 

  1. Malingablir påført med tynne strøk.
  2. Malinga skal tørka minst 36 timar mellom kvart strøk.
  3. Malingslaga blir påført magert-til-feitt, som grunning, mellomstrøk og toppstrøk. Det første laget skal væra so tynt, og so godt arbeida inn i overflaten, at linoljemalinga ser ut som ein farga vask på overflata. Etter 2-3 døgn med tørking kan eitt eller to til tynne strøk bli påført. Det er viktig at første lag er meir magert og at siste lag er meir feitt, som vil seia at oljeinnhaldet er størst på det ytste laget.  

Bruk ein rund eller oval pensel når du påfører linoljemaling og vask penslane med linoljesåpe. I mellom slaga kan penslane eventuelt ligga i rein linolje. Dei runde og ovale penslane er robuste nok til å arbeida malinga inn i underlaget, og du kan nytta ein fordrivar medan malinga fortsatt er våt for å få eit jamnt strøk til slutt. 

Vær merksam på at klutar og tekstil med linoljemaling kan sjølvantenna og er brannfarleg. Sørg for at dei ligg til blaut i vatn etter bruk. Deretter kan du hiva tekstilen i brannsikkert søppelspann eller brenna han opp. 

Ettersyn og vedlikehald
Det kan gå 8-20 år før overflata treng rebehandling, altså påføring av ny maling, om linoljemalinga er utført riktig. Det er vanlegvis nok med ein vask som fjernar skit og svertesopp. Linoljemalinga ofrar seg sjølv ved at linolja gradvis tørkar ut og pigmenta sit igjen på veggen. I so måte blir overflata meir matt over tid ved at han «krittar», som både er estetisk vakkert og gjer det enklare å ettersjå kvaliteten til treverket.  

Døme på ein vegg der laus maling er skrapt bort. Her kan ein sjå fleire lag med linoljemaling.

 REFERANSAR 

Bygg og Bevar. 2026. «Et sveitserhus tilbake til fordums pallett». https://byggogbevar.no/pusse-opp/maling/artikler/jonas-farger-i-harmoni-breidablikk/ 

Drange, Tore. Aanensen, Hans Olaf. Brænne, Jon. 2011. Gamle Trehus: Historikk, reperasjon og vedlikehold. Oslo: Gyldendal.   

Riksantikvaren. 2025. «Linoljemaling: 10 gode grunner til at du bør male huset med linolje». https://www.riksantikvaren.no/linoljemaling-10-gode-grunner/