Arrangement Vindafjordmuseet
Velkommen til aktivitetsdag på Vindafjordmuseet!
Dato: Sundag 24. september kl. 12:00-15:00
Sted: Vindafjordmuseet, Movegen 81, Vikedal
Pris: Vaksen 70,-/ Honnør 50,-, Born (gratis inngong inntil 16 år)
Tradisjonen tru, skipar Vindafjordmuseet i stand en spennende aktivitetsdag for store og små!
Tema for dagen er den gamle røykstova vår frå Slettastøl. Du skal få lære å trykke fine mønster henta frå røykstova, der borna ut på dagen og kan høyre eventyr ved Tove Selås.
Inne vert det og foredrag om korleis ein budde og levde i røykstovene gjennom vintrane, og kva for arbeid som vart førebudd i den mørke årstida. Me vil og snakke om symbola som vart krota på tømmerstokken. To gongar i året kom krotekjerringar på besøk og smykka ut desse mørke tømmerstovene.
Imsland, Vikedal og Sandeid sogelag står for sal av kaffi, saft og noko å bite i.
Elles er vår faste kulturhistoriske utstilling ope og sjølvsagt temautstillinga: Natostasjonen på Lysenuten. Ute kan ein og gå naturrebus, skyte med pil og boge og prøve seg på styltar. Hjarteleg velkomen!