Båtreisende i Os

Arrangement Haugalandmuseet

Årsmøte i Haugalandmuseets venner

Velkommen til årsmøte i Haugalandmuseets venner!

Dato: Torsdag 4. mai kl. 18:00

Sted: Karmsund folkemuseum, Skåregt. 142, 5527 Haugesund

Pris:

Velkommen til årsmøte i Haugalandmuseets venner, torsdag 4. mai kl. 18:00
Årsmøtesaker, valg og foredrag. Enkel servering. Vel møtt!

 

Foredrag ved avdelingsleder for kulturhistorie konservator Grethe Paulsen Vie:

Livet og lagnaden til dei båtreisande gjennom 200 år – romanifolket som reiste sjøvegen

Paulsen Vie vil i foredraget gje eit generelt  innblikk i historia til romanifolket i Noreg og særleg livet til dei båtreisande på Vestlandet dei siste 200 år. Historia om dei reisande er ei forteljing om eit annerledes liv langs kysten, om livet undervegs, i kvardag og arbeid, men og om livet der den harde norske politikken ovanfor romanifolket stramma grepet utover på 1900-talet. Mange var innom stader i vår region – dei vitja hamner, handla med dei fastbuande og busette seg for kortare eller lengre tid. Historia til de båtreisande er ei historie om ein minoritet, med assimilering og overgrep, men óg historia om handel, håndverk, arbeidsvandringar og rike musikktradisjonar.

—–
Haugalandmuseet har i mange år dokumentert historia til romanifolket som reiste sjøvegen. Museet har opparbeidd eit arkiv med bilete, intervju og forteljingar om livet som båtreisande i perioden 1900-1980. Museet har og produsert vandreutstillinga «Båtreisende på Vestlandet». No planlegg Haugalandmuseet ei fast utstilling om historia til dei båtreisande.

Finn veien

Se hva som
skjer hos oss