IMG_8831

Aktuelt Haugalandmuseet

Barnas Museumsstafett 2022

Bli med Anton Akkar på museumstur i somar!

Dato: Skuleferien 2022

Bli med Anton Akkar på Barnas Museumsstafett 2022!

Har du sett den store tanksen på Arquebus, skattkista på Nedstrand eller prøvd den nye leikeparken på Nordvegen?

I fjor sommar lanserte Haugalandmuseet Barnas Museumsstafett. Frå skuleslutt til skulestart kan du igjen bli med Anton Akkar rundt på Haugalandet. Anton Akkar har mange armar og museet har mange avdelingar, og du kan bli med han og samle stempel til Museumskortet ditt. Museumskortet kan du hente på dei ulike musea og i turistinformasjonane.

På musea er det oppgåver å utføre; gå på skattejakt, løyse rebusar, lage din eigen Anton Akkar, lage kunst, gå på stylter, knyte knutar og ikkje minst premie du kan ta med deg heim.

Når skuleferien er over kan alle som har samla minst 4 stempel sende inn eit bilde av kortet til post@haugalandmuseet.no og merke bildet med namn og Barnas Museumsstafett 2022,  og då er ein automatisk med i trekning av hovudpremien.

Musea som er med i Barnas Museumsstafett er Karmsund folkemuseum, Dokken, Haugesund billedgalleri, Nordvegen historiesenter, Arquebus krigshistorisk museum, Vindafjordmuseet, Hiltahuset på Røvær, Bokn bygdemuseum og Nedstrand bygdemuseum.

Musea har ulike opningstider så sjekk heimesida til Haugalandmuseet http://haugalandmuseet.no slik at det ikkje blir bomtur.

Her finn du etter kvart og ut meir om kva aktivitetar du kan vere med på. Alle barn er velkomne i følgje med foreldre, besteforeldre, venner eller SFO gruppe.

Lurer du på noko ta kontakt med Haugalandmuseet 52 70 93 60

Velkommen til å bli med på Barnas Museumsstafett 2022!

 

Her er ein oversikt over dei ulike musea og aktivitetane. Hugs å sjekke opningstider på haugalandmuseet.no

Dokken museum
Anton Akkar får det ikkje til, det blir for mange armar å halde styr på. Men kanskje klarer du å gjennomføre oppgåvene, mens han svømmer rundt i sundet? Ta på deg kleda og sjå kor fin du blei.

Kanskje klarar du og å løfte 20 kilo, då må du gå ut til taljestativet. Når oppgåvene er utført får du stempel i resepsjonen.

Karmsund folkemuseum
Over og ut… Anton Akkar møter Franz Forsker rett etter ei ulykke. Franz har ved eit uhell reist tilbake i tid og må nå finne ein bestemt ting for å komme seg tilbake til nåtid.

Løys oppgåvene, sett saman bokstavane og stokk dei om. Nå har du svaret på kva Frans Forsker må ha tak i.

Vindafjordmuseet
Anton Akkar har reist til Vindafjordmuseet. Klarer du rebusane? Anton Akkar har ein premie på lur. Ikkje gløym å  stemple kortet ditt. Anton  Akkar lurer på om du tørr å prøve å være modig. Løys oppgåva «Gå på stylter»

Haugesund billedgalleri
På Haugesund billedgalleri har Anton Akkar selskap av mange andre mystiske havdyr, sjøplanter, og spennande saltvatnsblomster. Ja, her er til og med kjempestore maleri som havet sjølv har vore med på å male! Lag dine eigne havdyr, ein blekksprut, saltvatnsblomster eller maneter i plastelina. Sett dei inn i Antons kunst akvarium, eller ta dei med heim. Du kan og løyse kunstrebus og få Anton Akkars fine premie med deg heim!

Nordvegen Historiesenter
På Leikvollen på Avaldsnes møter Anton Akkar både vikingguden Odin og hesten hans, Sleipner, og han drøymer seg bort til stader langt av stad i vikingskipet! Vil du hjelpe Anton med bilderebusen på Leikvollen og gjere dei aktivitetane Anton inviterer deg til å bli med på? Da har han nok en premie til deg! På Nordvegen Historiesenter kan du også prøve å skrive namnet ditt med runer, eller oppleve ei spanande utstilling om fortida. Eller kanskje du vil besøke vikingane på vikinggarden?

Arquebus Krigshistorisk museum
Anton Akkar er veldig interessert i den store tanksen som står framføre museet. Han har lyst til å klatre –  det får han lov til.  Inne kan du få prøve deg på ein kuul telefon, og kanskje klarer du å løyse dei hemmelige meldingane som ligg der. Anton Akkar har laga bildebingo for museet, så bli med rundt i utstillingane.

Hiltahuset
Anton Akkar har tatt Røværbåten og no er han på plass ved Hiltahuset. Han har liggande eit tau og han vil du skal prøve å knytte ein båtsmannsknop. Anton har laga bilderebus, så ta turen inn og sjå om du kan finne tinga på bileta. Ikkje gløym å få stempel på Barnas Museumsstafettkortet ditt og få med deg premien.

Nedstrand bygdemuseum
Velkommen til Tollbua seier Anton Akkar. Men her var det rot – det er nokon som har blanda nøklane til kista. Anton Akkar må ha hjelp til å låse opp. Lokket er tungt så du må få hjelp av ein vaksen. Kanskje ligg det noko på kistebotnen? Har du god tid kan du prøve deg på å lafte eit lite hus, på same måte som Tollbua.

Bokn bygdemuseum
Anton Akkar er på Bokn, og her er det heilt utruleg mykje å sjå på. Få med deg eit bilderebusark og sjå om du finn det som bileta viser. Ikkje gløym å få stempla kortet ditt og ta med deg premien.