IMG_8831

Aktuelt Haugalandmuseet

Barnas Museumsstafett 2023

Bli med Anton Akkar på museumstur i sommer!

Dato: Skoleferien 2023

Bli med Anton Akkar på Barnas Museumsstafett 2023!

Har du sett den store tanksen på Arquebus, skattkista på Nedstrand eller prøvd den nye lekeparken på Nordvegen?

Fra skoleslutt til skolestart kan du bli med Anton Akkar rundt omkring på Haugalandet. Anton Akkar har mange armer og museet har mange avdelinger. Du kan bli med ham og samle stempel til Museumskortet ditt. Museumskortet kan du hente på de ulike museene og hos turistinformasjonen.

På museene er det spennende oppgaver å løse; gå på skattejakt, løse rebus, få oppskrift til å lage din egen Anton Akkar, lage kunst, gå på stylter, knyte knuter og ikke minst; premie du kan ta med hjem.

Når skoleferien er over kan alle som har samlet minst 4 stempel sende inn et bilde av kortet til post@haugalandmuseet.no og merke bildet med navn og Barnas Museumsstafett 2023. Da er du automatisk med i trekning av en hovedpremie.

Museene som er med i Barnas Museumsstafett er Karmsund folkemuseum, Dokken museum, Haugesund billedgalleri, Nordvegen historiesenter, Arquebus krigshistorisk museum, Vindafjordmuseet, Hiltahuset på Røvær, Bokn bygdemuseum og Nedstrand bygdemuseum.

Musene har ulike åpningstider så sjekk hjemmesiden vår slik at det ikke blir bomtur.
Åpningstider

Nedenfor ser du hvilke aktiviteter du kan være med på. Alle barn er velkommen i følge med en voksen eller SFO-gruppe. Lurer du på noe så ta kontakt med Haugalandmuseet 52 70 93 60. Velkommen til å bli med på Barnas Museumsstafett 2023!

Kva skjer på Barnas Museumsstafett 2023?

Dokken museum  Anton Akkar får det ikkje til, det blir for mange armar å halde styr på. Kanskje klarar du det? Det krev fire hender og tolmod. Når oppgåvene er utført får du stempel i resepsjonen. I Dokken museum finn du også Barnas leikekrok, der du kan prøve klede eller bygge små hus. Og er du sterk, klarer du kanskje å løfte 20 kilo? Da må du prøve taljestativet.

Karmsund folkemuseum Anton Akkar føler seg som turist i eigen by og bestemmer seg for å gå på museet midt i byen. Det blir mykje opp og ned trappar, men han får sjå framande ting som ridesal, drikkekar, kroner og baderom. Andre ting er kjende som; skip og fiskekrokar. Følg i Anton Akkars “armspor”  på museet.

Vindafjordmuseet Anton Akkar har reist til Vindafjordmuseet. Klarer du rebusane? Anton Akkar har ein premie på lur. Ikkje gløym å  stemple kortet ditt. Anton Akkar lurer på om du tør å prøve vær-modig- oppgåva «Gå på stylter»? 

Haugesund billedgalleri  I Haugesund billedgalleri er Anton Akkar på jakt etter ein ny heim. Normalt lever jo akkaren i havet, men Anton er ikkje som alle andre, han trivest best på land. Kanskje du kan hjelpe Anton med å finne ein fin plass han kan bo? Du kan jo teikne det eller skravere frem fargerike hus ved hjelp av fettstiftar og utskorne trykkplater. Og om du vil, kan du bli med på den store skulpturjakta i Byparken og få helse på dei nye vennene hans; Puck, Bøyg og Egil.

Nordvegen Historiesenter På Leikvollen på Avaldsnes møter Anton Akkar både vikingguden Odin og hesten hans, Sleipner, og han drøymer seg bort til stader langt av stad i vikingskipet! Vil du være med å gjere dei aktivitetane Anton inviterer deg til på Leikvollen? Da har han nok en premie til deg! På Nordvegen Historiesenter kan du også prøve å skrive namnet ditt med runer, eller oppleve ei spanande utstilling om fortida. Eller kanskje du vil besøke vikingane på vikinggarden?

Arquebus Krigshistorisk museum Anton Akkar er veldig interessert i den store tanksen som står framføre museet. Han har lyst til å klatre –  det får han lov til, og å snakke i ein rar telefon. Kanskje  klarer du å løyse dei hemmelige meldingane som ligg der. Anton Akkar har laga bildebingo for museet, så bli med rundt i utstillingane!

Hiltahuset Anton Akkar har tatt Røværbåten og no er han på plass ved Hiltahuset. Han har liggande eit tau og han vil du skal prøve å knyte ein båtsmannsknop. Anton har laga bilderebus, så ta turen inn og sjå om du kan finne tinga på bileta. Ikkje gløym å få stempel på Barnas Museumsstasfett kortet ditt.

Nedstrand bygdemuseum Velkomen til Tollbua seier Anton Akkar. Men her var det rot – det er nokon som har blanda nøklane til kista. Anton Akkar må ha hjelp til å låse opp. Kanskje ligg det noko på kistebotnen? – ei ny oppgåve?? Kva er det i posane? Har du god tid kan du prøve deg på å lafte eit lite hus, på same måte som Tollbua.

Bokn bygdemuseum Anton Akkar er på Bokn, og her er det heilt utruleg mykje å sjå på. Få med deg eit bilderebusark og sjå om du finn det som bileta viser. Ikkje gløym å få stempla kortet ditt!

Smilende barn klare for å bli med på Barnas museumsstafett
Bli med på Barnas museumsstafett du også :-)!