IMG_8831

Aktuelt Haugalandmuseet

Barnas Museumsstafett – siste innspurt !!!

Har du besøkt minst fire museum i sommar og skaffa deg stempel på Museumsstafettkortet? Då må du sende inn bilde av kortet ditt til post@haugalandmuseet.no innan 16.august for å bli med i treningen av hovudpremien.

Dato: Skoleferien 2021

 

 

Bli med Anton Akkar på Barnas Museumsstafett 2021.

Har du sett den store tanksen på Arquebus, skattkista på Nedstrand eller prøvd den nye leikeparken på Nordvegen?

Haugalandmuseet har mange avdelingar med spennande utstillingar.

Frå skuleslutt til skulestart kan du bli med Anton Akkar rundt på Haugalandet. Anton Akkar har mange armar og museet har mange avdelingar, og du kan bli med han og samle stempel til Museumskortet ditt.

Museumskortet kan du hente på dei ulike musea og på turistinformasjonane.

På musea er det oppgåver å utføre ; gå på skattejakt, løyse rebusar, lage din eigen Anton Akkar, male eit kunstverk eller kanskje noko du kan ta med heim.

Når skuleferien er over kan alle som har samla minst 4 stempel sende inn eit bilde av kortet til postmottak@haugalandmuseet.no og merke bildet med namn og Barnas Museumsstafett 2021,  og då er ein automatisk med i trekning av hovudpremien.

 

Musea som er med i Barnas Museumsstafett er Karmsund folkemuseum, Dokken, Haugesund billedgalleri, Nordvegen historiesenter, Arquebus krigshistorisk museum, Vindafjordmuseet, Hiltahuset på Røvær, Bokn bygdemuseum og Nedstrand bygdemuseum.

Musea har ulike opningstider så sjekk heimesida til Haugalandmuseet http://haugalandmuseet.no  slik at det ikkje blir bomtur.

Her finn du og ut meir om kva aktivitetar du kan vere med på.

Alle barn er velkomne i følgje med foreldre, besteforeldre, venner eller SFO gruppe.

Lurer du på noko ta kontakt med Haugalandmuseet 52709360

Velkommen til å bli med på Barnas Museumstafett 2021

 

 

Her er ein oversikt over dei ulike musea og aktivitetane. Hugs å sjekke opningstider på haugalandmuseet.no

 

Dokken museum. Anton Akkar har  vore på tur og er skikkelig svolten etter reisa.  Men alle dyra frå akvariet er spist opp. Anton skal vi ikkje fange. Ditt oppdrag er å lage et sjødyr til akvariet vårt.

Karmsund folkemuseum. Anton Akkar likar seg i sjøfart- og fiskeutstillinga. Han kjenner igjen mange av tinga, det er nesten som han er heime i havet igjen. Plutselig legg han merke til gullmyntane som ligg utover golvet i museet. Sett saman bokstavane og du får namnet på tjuven.

Vindafjordmuseet. Anton Akkar har reist til Vindafjordmuseet. Klarer du rebusane? Anton Akkar har ein premie på lur. Ikkje gløym å  stemple kortet ditt. Anton  Akkar lurer på om du tørr å prøve vær modig oppgåva                       «Gå på stylter»

Haugesund billedgalleri Anton Akkar har lurt seg inn på billedgalleriet etter stengetid og malt hundrevis av blide med blekksprutblekk. Du kan velje deg eit av hans blekkmalerier og teikne vidare på det med tusj. Om du vil, kan du henge det ferdige bildet ditt i Antons kunstutstilling, eller du kan ta det med deg heim. På billedgalleriet kan du og sjå mange flotte bilete og     skulpturar laga av berømte kunstnarar. Før du går vidare kan du også prøve Anton Akkars kunstbingo og få premie!

 

Nordvegen Historiesenter På Leikvollen på Avaldsnes møter Anton Akkar både vikingguden Odin og hesten hans, Sleipner, og han drøymer seg bort til stader langt av stad i vikingskipet! Vil du hjelpe Anton med bilderebusen på Leikvollen? Da har han nok en premie til deg! På Nordvegen Historiesenter kan du også prøve å skrive namnet ditt med runer, eller oppleve ei spanande utstilling om fortida. Eller kanskje du vil      besøke vikingane på vikinggarden?

Arquebus Krigshistorisk museum Anton Akkar er veldig interessert i den store tanksen som står framføre museet. Han har lyst til å klatre –  det får han lov til. Inne får du prøve eit moresapparat, og kanskje klarer du å løyse dei hemmelige meldingane som ligg der. Anton Akkar har laga bildebingo for museet, så bli med rundt i utstillingane.

Hiltahuset Anton Akkar har tatt Røværbåten og no er han på plass ved Hiltahuset. Han har liggande eit tau og han vil du skal prøve å knytte ein båtsmannsknop. Anton har laga bilderebus, så ta turen inn og sjå om du kan finne tinga på bileta. Ikkje gløym å få stempel på Barnas Museumsstasfett kortet ditt.

Nedstrand bygdemuseum Velkommen til Tollbua seier Anton Akkar. Men her var det rot – det er nokon som har blanda nøklane til kista. Anton Akkar må ha hjelp til å låse opp .Lokket er tungt så du må få hjelp av ein vaksen. Kanskje ligg det noko på kistebotnen? Har du god tid kan du prøve deg på å lafte eit lite hus, på same måte som Tollbua.

Bokn bygdemuseum Anton Akkar er på Bokn, og her er det heilt utruleg mykje å sjå på. Få med deg eit  bilderebusark og sjå om du finn det som bileta viser. Ikkje gløym å få stempla kortet ditt.