Arrangement Dokken museum
Tønnemakaren Gundersen
Dato: 06.05.2020
Sted: Dokken Friluftsmuseum, Brugata, Haugesund, Norge
Pris: Gratis
Bøkkeren er ein tønnemakar. I gode sildessesongar kunne det vere behov for inntil ein million tønner for å kunne ta vare på silda. Tønnene var eingangsembalasje, og dei fleste vart sett saman av furustavar, hasselband (seinare jernband) heldt tønna saman. Ei tønne romma ca. 116 liter og hadde plass til rundt 400 sild.
For å utnytte lastekapasiteten på båtane hadde ein og halv og kvarttønner. Haugesund hadde rundt 1930 15 bøkkerverkstader.
Bildene viser Karluf Gundersen, bøkkeren som i mange år var eit fast innslag under Vårslepp i Dokken