Aktuelt Haugalandmuseet
Er du eigar av ein eldre bygning, og er usikker på kva du kan eller bør gjera for å ta vare på den? Då kan du ta kontakt med oss for gratis råd og rettleiing. Haugalandmuseet er del av eit pilotprosjekt frå Rogaland fylkeskommune der huseigarar kan få besøk og rådgiving av ein bygningsantikvar med kompetanse på eldre bygningar.
Dato: 2024
Gratis synfaring og rådgiving for eigarar av verneverdige bygningar
Bygningen treng ikkje vera freda eller formelt verna for å vera innføre tilbodet. Ta kontakt om du er usikker på om huset ditt er innføre ordninga. Tilbodet er avgrensa til eitt dagsverk pr. førespurnad.
Kva får du ut av dette tilbodet?
Etter synfaringa får huseigar eit kort, skriftleg notat om bygningen og kva som ble sett på. Notatet inkluderer gjerne gamle bilde og informasjon om vernestatus, dersom dette er tilgjengeleg. Notatet kan med fordel leggast ved søknadar om økonomisk støtte til antikvarisk restaurering. Museet tek gjerne bilete under synfaringa, dersom eigar tillèt det.
Kva får du ikkje gjennom dette tilbodet?
Tilbodet er i hovudsak retta mot restaurering og vedlikehald av bygningar, ikkje ombygging og utviding/tilbygg. Ta kontakt om du er usikker.
Som del av dette tilbodet vil det også bli arrangert kurs innføre aktuelle tema. Desse kursa blir annonsert på nettsida vår og i relevante media.
Kontakt: bygningsvernrådgjevar Mathilde Engum Rolland, mer@haugalandmuseet.no