IMG_5587

Aktuelt Haugalandmuseet

Faste

Bollar og fastelavensris

Dato: Søndag 14.februar 2021

FASTE

Fastelavnssøndag, blåmåndag, feitetysdag og oskeonsdag – kva ligg bak at dagane har fått desse nemningane ?

I dag søndag, blir det servert bollar med krem og litt syltetøy på mange kaffibord.Bordpynten er truleg bjørkeris pynta med fargerike fjør eller silkepapir.

Kvifor gjer vi dette?

Det er i Hanna Winsnes si  kokebok frå 1850-talet ein først finn oppskrift på fastelavnsbollar, og det skulle vere søte kveitebollar bakt med smør og mjølk.

Men kva med riset og dei andre dagane?

Fastetida er i kristen tradisjon ei førebuing til påskehøgtida, men faste har blitt markert lenge før det.

I førkristen tid  markerte faste skillet mellom vinter og vår. Og riset, som snart skulle få nyutsprungne bjørkeknoppar, var eit fruktbarheitsteikn – eit symbol på det nye livet.

Det blir fortalt at ristet og vart brukt til å halde leven med. Eit rollebytte fant stad. Ein leik – kone fekk bruke riset på husbonden – tenarane fekk rise husfolket – barn fekk rise foreldre og ugifte jenter fekk rise unge menn. For jentene var det om å gjere å komme først. Her av skal uttrykket «Å bli tatt på senga» komme ifrå. Seinare blir det fortalt at lekfolk fekk preike i kyrkja denne sundagen.

I katolske land blir faste forbunde med karneval; ein festar, folk kler seg ut, sparar ikkje på noko, eit skikkelig overskotsfenomen. Ein real fest før fastetida startar.

Ein er usikker på kva ein feirar og kvifor ein kler seg ut, men ein teori er at carne betyr kjøtt  og vale betyr farvel, altså  farvel kjøtt. Etter søndagens karnevalsfest kjem måndag – blåmåndag , eller dagen derpå – vi kjenner godt til uttrykket. Blåmåndag har og namnet sitt etter det blå kledet som prestane la på alteret for å markere at no var fasta i gang.

Tysdag i faste blir kalla feitetysdag. No skulle ein ete seg opp – klarde ein sju måltid så var det bra. Langt tilbake blir det fortalt om stader der ungane fekk fri halve skuledagen for at dei skulle heim for å ete. Feit rømmegraut eller ertesuppe med saltkjøt kunne stå på menyen. Det var viktig å ete godt, mat forrådet var nok ganske skralt hjå mange på denne tida av året. Hardt kroppsarbeid og lite mat framover i 40 dagar, då var det nok lurt å ha litt å gå på.

Neste dag er oskeonsdag og fasta tek til for alvor. Prestane brukte oske til å teikne eit kors i panna på kyrkjefolket, nokre strødde oske i håret, andre kledde seg i grov strietrøye under skjorta. Her av uttrykket «Havrelefse og striskjorte « når noko er spartansk, enkelt eller litt ubehagelig.

Fasta er i gang og alt skal gå litt roligare, ein skal ete mindre og halde seg vekke frå kjøt heilt fram til påske.