VHS-F.00028-09_1

Aktuelt Vindafjordmuseet

Fredagsgløtt frå samlinga | Industriminne

Fredagsgløttet denne veka er eit industriminne frå Vindafjord. Fotografiet inngår i ei samling av lyd og bilete som museet formidlar i ei ny digital løype.

Dato: 23. Oktober

Visste du at verksemda Berge sag og trelastforretning dreiv med båtbygging? Den første båten de bygde, var ei snurpeskøyte med namnet «Bjørg» i 1933.

Fotografiet er lånt frå ei privat samling og avfotografert av Endre Heggen i 1985. Han var lokalhistorikar og sogelagsmann i Ølen. Frå midten av 1980-talet gjekk han systematisk til verks med å intervjua folk og samla inn bilete frå nærområdet. På denne måten bygde han opp ei stor samling av lydopptak og kopiar av gamle bilete. Samlinga vart seinare gjeven til Vindafjord kommune og er no ein del av samlingane til Haugalandmuseet.

Fotografiet og den digitale industriminneløypa finn du i KulturPunkt. Dette er ein fin innfallsport til å sjå kulturhistoriske spor ute i distriktet vårt. Løypa fortel om industriminne frå Vindafjord, frå Hogganvik i aust til Utbjoa i vest. Tema er skipsbygging, tekstilindustri, vasskraft, smiing, trelast og treskomaking. – Last ned og dra ut på oppdagingsferd!