Uro

Aktuelt Haugalandmuseet

Fredagsgløtt fra samlingene!

Ukas fredagsgløtt er frå Uro i Ølenvåg. Fotografiet frå rundt 1920 syner Ole Kolbeinshaug, Tørris Hetland, Osmund T. Espeland, Sigve Viland (bak Osmund), Johannes T. Hetland, Hans Kolbeinshaug og Ths. Lunde (bak Hans) ved deira trelastlager.

Dato: 25. september 2026

Det var gode høve for trelastindustri langs fjordane på Haugalandet. Her var god skog, elver å nytta til sagbruk og gode hamner. Dette førte òg til ein utbreidd skipsbyggartradisjon.

I Uro var det ein djup og god hamn og sjølv dampskip kunne leggja til her. Her vart det mellom anna etablert både bakeri, handel og ein verkstad. Under fyrste verdskrig starta Ola Kolbeinshaug og Tomas Lunde trelasthandel her. Trelastlageret i Uro ble kjøpt og flytta til Bergsvikjo med hest og slede på isen i 1921, altså ikkje lenge etter at fotografiet vart teke. På Berge hadde dei alt ei mølle og ei stampe og utvida med sagbruk. Med trelastlageret frå Uro vart det mogleg for dei å utvida sin trelastindustri. Dette var byrjinga på Berge Sag og Trelastforretnings historie. I dag er Berge Sag-gruppa eit moderne byggkonsern med rundt 220 tilsette.

Du kan lese og høyre meir om Berge Sag og Trelast, om nytting av vasskraft og om skipsbygging på Haugalandet i kulturminneløypa «Industriminner frå Vindafjord».

Kjelde: Anders Haugaland, Bygdebok for Ølen. Andre bandet: Gardar og ætter i Vågen. Ølen bygdeboknemnd, 1986.

 

Foto: VHS-F.00051-09