Bilde1

Aktuelt Haugalandmuseet

Fredagsgløtt fra samlingane!

Vekas fredagsgløtt handlar om Hiltahuset, som ligg på Røvær, rundt 10 nautiske mil nordvest for Haugesund. Kulturlandskapet ber tydeleg preg av at fiskarbønder og strandsitjarar har budd på øysamfunnet dei siste hundreåra.  Røvær var eit av dei viktigaste fiskeværa for sildefisket i og rundt Haugesund. Her var stor aktivitet under dei store vårsildfiskeria midt på 1800-talet. Det er også spor etter fjæremannshus i Grønnevikja frå jernalderen, som vitnar om at Røvær har vorte bruka som fiskevær også i forhistorisk tid.

Dato: 21.august 2026

Hiltahuset – mellom tun og tuftar

Hiltahuset er det eldste huset på Røvær og blei reist omlag 1820-1830. Bygninga er eit våningshus som ligg på det lokalfolket kalla «tonngarden», uttala ton-gar’en. Tidlegare museumsstyrar Nils Henrik Tuastad kartla ulike tonngardar i ein artikkel som del av museet si årbok frå 1966. Tuastad kom då fram til at ordet skildrar eit inngjerda tun inne på garden, og om tonngarden på Røvær skriv han: «Me får og vita at der var svinabeite i tonngaren, og at tonngaren var til sams bruk for brukarane på garden frå gamalt av». So ein kan sjå føre seg at grisar tusla rundt i dette fellesrommet på framsida av Hiltahuset.

Vidare skildrar neste museumsstyrar Carl Egil Buch i 1989 at «Hiltahuset representerer en bygningstype som har vært nær enerådende i kystbygdene i Karmsund fra ca. 1800 til 1880. Karakteristisk er den tilnærmet symmetriske midtkammerplanen, halvannen etasjehøyde og konstruksjon der laftete stueseksjoner er bundet sammen med deler av bindingsverk. De laftete stueseksjonene har vært betraktet som selvstendige bygninger og er ofte opprinnelig bygget på ulikt sted og tidspunkt.»

Bilde av Hiltahuset si framside. Henta frå Topografisk arkiv, Karmsund folkemuseum, mappe 27 Røvær, Skåre. Ukjend dato.