Sildearbeiere

Arrangement Dokken museum

Ganejentene – jentene som salta sild

Eit lag med sild - eit lag med salt

Dato: 13.mai.

Sted: Dokken Friluftsmuseum, Brugata, Haugesund, Norge

Pris: Gratis

«Bare man nærmer sig et af sildesalteriene, står stanken fra ganhaugen mot en, og inde når der ganes, er der en stram blodlugt, som legger sig for brystet i de første dage, før man bliver vandt til den. […] Over gulvet ligger en rød flimret søle af blod, gan og salt. Blod lægger sig over hender, klæder og ansigt fra hovudtørklædet til skoene, i mangt et barneansigt er det kun øinene som er synlige.» Skildring fra 1857

Underklassedame i enkel bekledning med kjole og skaut. Tegning.Det var ganejentene som stod klare då båtane kom inn fulle av sild. Var du heldig fekk du arbeide inne i eit sjøhus, men mange av ganejentene stod på bryggene og sløya og salta silda. Dei skar over strupen med ein ganekniv og brukte tanga til å ta ut innvolane.

Jentene hadde to tønner som dei arbeidde med – ei tom tønne og ei med salt. 

Arbeidet kunne og vere organisert slik at to eller tre jobba i lag og bytte på å salte og gane. Silda vart lagt i eit fint mønster- det var om å gjere å få det fint til, silda skulle helst ha lik størrelse og ein måtte kanskje arbeide med fleire tønner om gongen– og du måtte vere rask  – di fleire tønner – di meir lønn.

Mange tente gode pengar i silda – tenestejenter og fine fruer la ifrå seg sy tøyet og tok arbeid i silda. Ei flink jente kunne  salte  25-30 tønner pr. dag.For det kunne ho tene 10-30 spesidalar i løpet av ein sesong – like mykje som ein fiskar eller det dobbelte av  årslønna  for ei tenestejente.

Det vart salta sild på alle sjøhus. Mykje av silda gjekk til  Norge, men også til Sverige, Danmark, Finland, Russland, Polen , Holland og England.

Kokt sild, stekt sild, sildasodd, sildekarbonadar, lubbesild, tørrsild, spekesild… ei tønne med sild har redda mange tomme magar.

Astri Riddervold har skrive ein årbokartikkel om sild, du kan lese artikkelen her.

http://haugalandmuseet.no/wp-content/uploads/2019/01/Fars-Rigasild-av-Astri-Riddervold.pdf.

Sildearbeidere MHB-F_HR-J-068 Foto: Marcus Selmer

Sildearbeidere på «Rolfa» brygge, Smedasundet nr.11, ca.1895
Foto: Fredrik Thomas Krogh Monclair MHB-F_HR_ALB-0225

Finn veien

Se hva som
skjer hos oss