Arrangement Vindafjordmuseet
Har du eit åkle liggande frå indre Haugalandet? Museet søkjer åkle for dokumentasjon for ettertida. Haugalandet har ein rik åkletradisjon, med ruteåkle og krokbragdåkle. Museet ynskjer no å dokumentere fleire vevnader og dermed få meir kunnskap om vevtradisjonane.
Dato: Torsdag 23. april kl. 12-17
Åpningstider: Museet er ope kvar tysdag og sundag: kl. 12:00-15:00.
Sted:
Pris:
Ta med for registering frå kl. 12-17 på Vindafjordmuseet i Vikedal denne dagen. Museet registrerer og fotograferer åkleet ditt – så tar du det med heim same dag.
Ordet åkle kommer av det norrøne áklæði og betyr sengeteppe. Ordet er funne i bruk i norske kilder frå 1300-talet. Teppa var verdifulle og var knytta opp mot kristne seremoniar. Dei blei ofte gitt i gåve ved dåp, konfirmasjon og bryllaup.På Vestlandet blei åkle også brukt som lik-teppe.
Ruteåkle
er eit felles namn for storparten av dei åklea som vart laga på Vestlandet. Tradisjonen går attende til 1600-talet.
Haugalandsrosa
Åttebladsrosa er det mest vanlege motivet i ruteåkle frå Vestlandet, men rosa har ulike lokale utformingar. Roseåkla er vevd i smettevevsteknikk.
Smettevevsteknikk
er ein slyngteknikk som er mest brukt i ruteåkle på grunn av det geometriske mønsteret som blir brukt. Dette er ein teknikksom går seint sidan ein må bruke dokker til innslag og plukke/smette dei gjennom renninga. Trådane slyngast om kvarandre slik at det ikkje skal bli hol i veven. Lokalt blei slike åkle kalla dokkåkle.
Krokbragdvevnaden
er ein enklare teknikk. Krokbragd er ein vevteknikk med innslag over tre eller fire skaft og spiss hovling. Krokbragd blir alltid vove med ulike fargar i innslaget, og det er fargane i innslaget som lagar krokmønsteret. Vevnaden blir svært tjukk. Vi har både enkel og dobbel krokbragd.