Arrangement Vindafjordmuseet
Velkomen til Kulturverndag på Vindafjordmuseet!
Dato: 13. september kl.12-15
Sted: Vindafjordmuseet, Movegen 111, Vikedal
Pris: Voksen kr. 100,- Honnør kr. 70,-, barn gratis (under 16 år) og medlemmer i Haugalandmuseets venner
Korleis tek vi vare på vår felles kulturarv – i ei tid der alt er i endring? I ei verd prega av klimakrise, krig, digital transformasjon og auka mobilitet, er stadig fleire kulturminne og tradisjonar truga. Ikkje berre dei fysiske spora – som bygningar, kulturlandskap og handverk – men òg den immaterielle arven: språk, kunnskap, forteljingar og praksisar som bind samfunn saman.
Søndag 13. september inviterer Haugalandmuseet til markering av den nasjonale kulturverndagen med lansering av ny digital historieformidling i Vindafjord! Løypa i KulturPunkt tek utgangspunkt i intervju frå Endre Heggen-samlinga. Dei gir eit innblikk i livshistorier og tankar om ei tid som er forbi.
Immateriell kulturarv er fokus for årets kulturverndag på Vindafjordmuseet. Velkomen til ein flott dag med aktivitetar for store og små!
Program:
Utekonsert med Øystein Nilsen og Susanne Helgeland fra Haugesund spelemannslag, og Charlotte Raknes Nordahl og Dagmar Lunde fra Kvedartak. Folkemusikk inspirert av det naturmytiske, hulder og fossegrimen
Foredrag v/ fotoarkivar Madli med lansering av «Industriminner frå Vindafjord»
Verkstad i veving for store og små
Natursti-rebus og open kafé v/ Imsland, Vikedal og Sandeid sogelag
Kulturverndagane er Noregs største historie- og kulturarvfestival med 300 arrangement og 50 000 besøkjande rundt om i landet kvart år. I 2026 blir kulturverndagane markerte i perioden 5.–13. september 2026 med temaet «Kulturarv i fare».