Bilde2
Bilde1

Aktuelt Haugalandmuseet

Lusse langnatt eller Luciadag

13.desember

Dato: 12.desember 2021

Lussi langnatt og Luciadagen

 

For lenge, lenge sidan vart natt til 13.desember kalla Lussinatt eller Lussi Langnatt. Denne natta vart rekna som den lengste og mørkaste i året, og vart feira med ein Midtvinterfest .Folk meinte og at det var denne dagen sola snudde.
Lussi Langnatt var ikkje berre ei mørk og lang natt, men ei mystisk og magisk natt.

Merkelige ting kunne skje. Nokre trudde at horna på kyrne snudde seg gal vei, eller at dei snurra rundt i stor fart. Dei trudde at dyra kunne snakke med kvarandre, og den lange natta gjorde at dyra måtte bite og tygge kornet to gonger, så svoltne vart dei.

Då kunne kua seie: Lussinatta er lang! Og væren svarte: Ho er så lang som to.

Lussinatta var skummel og hadde uhygge knytt til seg. Ingen burde gå ut om kvelden, og i alle fall ikkje om natta, for då kunne ein treffe på Lussiferda.

Lussiferda var ein gjeng av troll, tussar og huldrefolk som kom flygande på eldglødande hestar. Dette farlige følgjet, kalla Oskoreia, var ei samling gjenferd som kom tilbake til sine gamle bustader i den mørke juletida. Dei kom ridande på svarte, frosne hestar og kunne bortføre folk, rasere hus, forsyne seg av julemat og juleøl. Av den grunn sette folk fram mat og drikke og let sengene sine stå tomme til bruk for dei døde. Dette skulle blidgjere gjenferda slik at dei let menneska vere i fred. Sjølv la folk seg på golvet. Det gjaldt å halde seg inne og berre gå ut om det var heilt nødvendig. Såg Oskoreia menneske eller dyr ute, tok dei dei med seg, og det kunne gå både lenge og vel før dei slapp dei ned igjen. Hele Lussi Langnatt brende folk lys for å halde trolla unna, og det var alltid ein i huset som måtte holde seg vaken.

Nokre stader prøvde dei å beskytte seg mot Lussi ved å la ei av ungjentene gå lusseferd, kledd i kvitt med lys i handa. Hun skulle gå rundt huset og på kvart hjørne synge:
«Lussinatt lange, intet være bange (redd). Gud beskytte gård og grunn, fisk i vann og fugl i lund. Intet være bange, Lussinatt lange.»

Lussi var ikkje berre ei trollkjerring som flaug rundt for å skremme. Hun passa og på at ein var komme godt i gang med juleførebuingane. På ein gard var det mye som skulle gjerast klart til jul. All spinning av garn og tresking av korn måtte no vere ferdig. For no tok juleførebuingane til for alvor, med baking og brygging av øl. Fram til jul kunne Lussi godt finne på å smake på godsakene, og på sjølvaste  julekvelden kunne ho komme og rope ned gjennom skorsteinspipa:

Inkje brygga inkje baka, inkje store eldar hava.

Om folka på garden ikkje følgde denne regelen, kunne ho straffe med å slå stykke av skorsteinspipa.

 

 

 

 

Når vi feirar 13. desember i dag er det ikkje Lussi vi høyrer mest om, men ein annen kvinneskikkelse – Lucia.

Det er mange fortellingar og segner om Lucia, men felles for dei alle er at hun var italiensk, levde i år 300, var kristen, og at hun leid martyrdøden.

Lucia var født inn i ein rik familie. Ho syntes synd på dei kristne som måtte gjømme seg i mørke grotter, då det å være kristen var forbode. Dei kristne kunne bli drepne for trua si. Lucia kom til dei i skjul om natta. I armane hadde ho korger fulle med mat, og for at hun skulle sjå i mørket hadde hun ein lysande fakkel på hovudet.

Mor til Lucia ville at ho skulle gifte seg rikt, for å vere sikker på at ho for alltid skulle leve i rikdom. Men dette ville ikkje Lucia. Den forsmådde  ektemannen vart sint og sendte soldatar etter henne, og ho vart drepen. Dei ulike legendene fortel om bålet som ikkje ville brenne Lucia, og om at dei stakk ut auga hennar. Lucia lei martyrdøden 13.desember, og vart ein helgen, og sidan namnet Lucia betyr lys, vart ho skytshelgen for synet.
I Italia minner dei Lucia den 13. desember med ein lysfest.

Denne lysfest skikken vart etterkvart vanlig i Sverige. Kvinnene i huset kledde seg i kvite klede, hadde lys krans på hovudet, og kom med god mat og drikke til dei som enno ikkje hadde stått opp.

Etter kvart har Luciafeiringa komme til Norge, spesielt feira i barnehagane.

Barn med glitter i håret, kvit skjorte, kanskje ei stjerne i handa inviterer foreldre og besteforeldre på Lussekattar 13. desember. Lussekattane er gjærbakst og forma er ofte eldgamle symbol på sol og liv. Ein teori er at skikken med Lussekattar kjem frå Tyskland på 1600 talet. Der gav djevelen, i form av ein katt, juling til slemme barn , medan ein Kristus skikkelse, i form av eit barn, gav ut bollar til dei som var snille.

For å halde den lyssky djevelen unna vart bollane farga med «lysande» gult safrankrydder.