Aktuelt Haugalandmuseet
Følg ei digital tidsreise!
Dato: Digital formidling
Søndag 13. september inviterer Haugalandmuseet til markering av den nasjonale kulturverndagen med lansering av ny digital historieformidling i Vindafjord.
Den nye digitale løypa i KulturPunkt tek utgangspunkt i intervju frå Endre Heggen-samlinga. Dei gir eit innblikk i livshistorier og tankar om ei tid som er forbi.
Endre Heggen var lokalhistorikar og sogelagsmann i Ølen. Frå midten av 1980-talet gjekk han systematisk til verks med å intervjua folk og samla inn bilete frå nærområdet. På denne måten bygde han opp ei stor samling av lydopptak og kopiar av gamle bilete. Samlinga vart seinare gjeven til Vindafjord kommune og er no ein del av samlingane til Haugalandmuseet.
Med appen KulturPunkt kan du slå på stadslokasjon på mobilen og oppdaga kulturminne langs vegen. Haugalandmuseet har mange historiske vandringar og kulturhistorisk innhald i appen.