Heggensamling

Aktuelt Vindafjordmuseet

Lydskatt frå Vindafjord

Vi presenterer ein lokal lydskatt - intervju av eldre folk i Vindafjord og Etne. Lydopptak blei samla inn av Endre Heggen - lokalhistoriker og sogelagsmann i Ølen i perioden. Av ei lydskatt på nær 500 opptak, har vi no gleden av å gi tilgang til dei fem første - i nettløsninga Digitalt Museum. Her kan du, bokstaveleg talt, få histoirien heim i stova - og høyre stemmar frå folk som ble fødd på 1890-talet.

Dato: 27.november 2020

No kan du mellom anna høyre Amanda Andersen frå Vikedal fortelje om korleis livet arta seg tidleg på 1900-talet. Amanda var fødd i 1896 og konfirmert i 1910. I lydopptaket fortel ho om forretninga og skomakarverkstaden  som familien dreiv. Vi får og høyre om anna lokal industri i Vikedal: klemmefabrikken, steinhoggeri, saftfabrikk og skipsverksemda i Hogganvik. I to av intervjua er gardslivet sentralt. Brita Stangeland, fødd på Roa i Ølen i 1894, fortel om stølsliv på Åkrastølen og turar gjennom Nautavassdalen og Småvatndalen. Georg Nervik, fødd på garden Nervik i Etne i 1893, fortel om livet på garden Nervik der han som barn tok del i slåtten, kornskurd med sigd, kinning av smør og vedsanking i skogen.

I dei siste intervjua får vi innblikk i to personar som gikk ein litt annan vei enn småindustri og landbruk. Liva Heggebø, fødd i 1892 i Ølen, var bestyrarinne på barneheimen Lindum i Suldal frå 1928-1943. Lindum var den gong heim for tuberkuloseramma gutar. I intervjuet får vi innblikk i korleis det var å opphalde seg på denne heimen i mellomkrigsåra. Alfred B. Tvedt, fødd i Ølen i  1895, deler livsminne frå arbeidet som verkstadesmeister. Han jobba med bilar eit heilt liv, og som ein kuriositet kan vi nemne at han i ung alder selde bil til sjølvaste kong Olav V.

Sogelagsmannen Endre Heggen var fødd i Stavanger 5. august 1920, og flytta til Ølen i 1935. Faren hans kom opprinnelig frå garden Heggjo i Ølen. Endre Heggen fatta interesse for kulturminne og kulturvern i vaksen alder. Det starta med interessa for bygningskultur. Seinare byrja han å samla inn gjenstandar frå Ølen og Bjoa, og fatta interesse for å intervjua folk. Frå 1985 har han produsert over 500 opptak på lydkassettar – magnetband. Ein god del av opptaka er lokalhistoriske intervju av einskildpersonar, med tema som andre verdskrig, daglegliv, landbruk og fiske. Nokre av opptaka er frå samankomstar av ulike slag, som sogeseminar og lokale jubileumsmøte.

Vindafjord kommune var lenge eigar av lydsamlinga. I 2019 ble opptaka overlevert som gåve til Haugalandmuseet, saman med ei stor biletsamling frå Endre Heggen. Store delar av lydsamlinga var allereie digitalisert. Museet har arbeid med å systematisere og registrere samlinga i 2020. I tida framover vil vi gje tilgang tl fleire intervju – i desember med tema andre verdskrig.

Link til alle lydopptaka på Digitalt museum