Arrangement Arquebus krigshistorisk museum
I 2026 inviterer vi til ei arrangementsrekkje som løftar fram kvinnehistoria i regionen. Velkomen til Arquebus!
Dato: Torsdag 28. mai kl.18:00
Sted: Arquebus krigshistorisk museum, Gardsvikvegen 20, Førresfjorden
Pris: Gratis inngang
Gjennom museumsstafetten får du møte kvinnene som har forma regionen – frå synlege pionerar til dei som sjeldan har fått plass i historiebøkene. På Arquebus stiller vi ut brurekjolar av fallskjermsilke frå distriktet i «ny drakt».
Utstillingsopning
Velkomen til opning av ei utstilling som set fokus på formidling av tekstilhistorie og korleis fallskjermar frå andre verdskrigen vart gjenbrukte etter krigen. Stoffet var verdifullt og vart teke godt vare på.
Vi formidlar òg ei historie om motstandsarbeid, og særleg kvinner si deltaking under andre verdskrigen. Alis Rullestad deltok sjøl i mottak av flyslippet frå England i 1944 i fjella ved Rullestad. Etter krigen fekk ho tildelt deltakarmedalje for sitt engasjement i motstandsbevegelsen. Erna Bertine Dahl sin mann deltok i mottak av flysleppet på Vaulavidden.
Det vert foredrag om flyslippa ved fagansvarleg Maryon Østhus, og om kjolane, ved konservator Therese Espeland frå Museumstenestene i Rogaland. Sjølve utstillinga blir høgtideleg opna av Karl Erik Ottesen og Åse Ottesen (f. Dahl).
Gratis inngang og alle er hjarteleg velkomen!
Program for Museumsstafetten 2026