Arrangement Vindafjordmuseet
I 2026 inviterer vi til ei arrangementsrekkje som løftar fram kvinnehistoria i regionen. Velkomen til Vindafjordmuseet!
Dato: Torsdag 23. april kl.18:00
Sted: Vindafjordmuseet, Movegen 111, Vikedal
Pris: Gratis inngang
Gjennom museumsstafetten får du møte kvinnene som har forma regionen – frå synlege pionerar til dei som sjeldan har fått plass i historiebøkene. På Vindafjordmuseet er vevetradisjonar årets formidlingsfokus.
Utstillingsopning
Velkomen til opning av ei utstilling som set fokus på den tradisjonelle vevekunsten og den viktige rolla kvinner har hatt i dette handverket gjennom generasjonar. Men dette er meir enn ei vanleg utstilling – her blir publikum inviterte til å delta sjølve. Med mottoet «museum til å ta og føle på» kan dei besøkande oppleve veving med eigne hender.
På Vindafjordmuseet ønskjer vi å føre vidare kunnskap om handverkstradisjonar og inviterer til å veve – saman. Både tekstilar og naturmateriale får nytt liv og ny form, i liten og stor skala. Kom og prøv!
Vev i veg!
Historia viser oss at tidlegare generasjonar levde meir sirkulært enn vi gjer i dag. Produksjon, vedlikehald og reparasjonar utgjorde ein stor og tidkrevjande del av hushaldet. Tallerkenar blei sinka, medan tekstilar blei stoppa og lappa. Kanskje kan vi lære noko av desse tradisjonane – og ta kunnskapen i bruk igjen?
Kl. 12-17 inviterast publikum til å få registrert og dokumentert tekstila sine for ettertida. Dokumentasjonen skjer mens folk er tilstades, og dei får tekstila med seg heim igjen. Fokus er på vevnader, enten det er krokbragd, åttebladmønster eller anna.
Kl. 18-20 kan du sjå handverk i praksis og lære meir om tradisjonane.
Utstillinga vert opna av Signy Rønnevik, tidlegare ordførar i Vindafjord kommune. Det vert presentasjon av utstillinga, diskusjonar og noko å bite i. Gratis inngang og alle er hjarteleg velkomen!
Program for Museumsstafetten 2026