DCIM100MEDIADJI_0051.JPG

Arrangement Bokn bygdemuseum

Museumsstafett | Fjæremannstuftene på Bokn

På jakt etter busettingar på Bokn!

Dato: Torsdag 28. oktober kl. 19:00

Sted: Bokn Arena

Pris: 50,-

I øyriket Bokn finn vi usedvanlig mange fjæremannstufter yst mot havgapet. Dette er dei fysiske restane av beskjedne husvære som nærmast låg i fjæresteinane for tusen år sidan. Dei er av arkeologar tolka som vitnesbyrd etter eit omfattande fiske frå jernalder og middelalder, og føyer seg inn i ei rekke av denne typen kulturminne som er påvist frå kysten av Østfold og Bohuslän i øst til kysten av Trøndelag i nord. I de seinare år har arkeologar ved Rogaland fylkeskommune via fjæremannstuftene på Bokn ny merksemd i forbindelse med opparbeiding av eit register over kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse, i regi av Riksantikvaren.

Marianne Enoksen jobbar som arkeolog ved Rogaland fylkeskommune og vil fortelje om arbeidet med kulturlandskapet på Bokn og om fjæremannstuftene og den forskinga som er gjort på dei.

Arrangør: Bokn historielag i samarbeid med Haugalandmuseet.

Velkommen til Museumsstafett på Bokn – oppdag kunst og kultur på Haugalandet!

Finn veien

Se hva som
skjer hos oss