Oppdag kunst og kulturhistorie på Haugalandet. Velkomen til museumsstafett på Arquebus krigshistoriske museum!
Dato: 24. april kl.18.00
Sted: Arquebus krigshistorisk museum, Gardsvikvegen 20, Førresfjorden
Pris: kr. 100
I anledning frigjeringsjubileet og eit utvida 8.mai-program blir det museumsstafett på Arquebus krigshistoriske museum torsdag 24.april. Då får vi besøk av Bjørn Tore Rosendahl som skal halde føredrag om krigens skuggar som vart kasta langt inn i fredstid og krigsseilarane si historie.
Bjørn Tore er historikar (PhD) og leiar for Norsk senter for krigsseilhistorie ved ARKIVET freds- og menneskerettsenter.
Arquebus-utstillinga og butikken vil og vera open i pausen og etter programmet. Vel møtt til føredrag, diskusjonar og noko å bite i. Billetter kr 100; i TicketCo
Arquebus Krigshistorisk museum i Tysvær har mange og varierte utstillingar som fortel om okkupasjonen av Norge i 1940-45. Museet har fått namnet sitt etter operasjonen kor motstandsmannen Sverre K. Andersen dreiv illegal radio-verksamheit under andre verdskrig; «Arquebus».
2025 markerer også Haugalandmuseets 100-årsjubileum, og vi gler oss til å invitere til både kunstnarblikk på museets samlingar og refleksjon rundt aktuelle kulturhistoriske tema.
Program for Museumsstafetten 2025
· Torsdag 20. mars kl. 18 Skråblikk: «Mennesket har ikkje røter, dei har føter!» i Wrangellhuset. Føredrag ved museumsdirektør Mads Ramstad.
· Torsdag 24. april kl. 18 – Skråblikk: «Krigens skuggar» på Arquebus krigshistoriske museum. Føredrag ved historikar Bjørn Tore Rosendahl.
· Torsdag 15. mai kl. 18 – Kunstnarblikk på Sildemuseet i Dokken. Vernissasje med kunsthandverkar Kristine Synnes.
· Søndag 22. juni kl. 15 – Kunstnarblikk på Nedstrand bygdemuseum. Vernissasje med biletkunstnar Njål Lunde.
· Søndag 29. juni kl. 13 – Kunstnarblikk på Bokn bygdemuseum. Vernissasje med kunsthandverkar og glaskunstnar Eirin Bjørsland Hansen.
· Søndag 7. september kl. 12 – Kunstnarblikk på Vindafjordmuseet. Vernissasje med biletkunstnar Bernhard Østebø.
· Torsdag 30. oktober kl. 18 – Skråblikk: «Kunst på flukt» i Haugesund bilettgalleri. Føredrag ved forskingsarkivar ved Nasjonalmuseet Anita Kongssund.
2025 blir eit jubileumsår for Haugalandmuseet, og vi ser fram til å dele mange spanande opplevingar med både store og små. Museet er eit viktig kultursenter i Nord-Rogaland og tek vare på og deler kunnskap om arkiv, foto, kunst og kulturhistorie. Vi håper du vil vere med på å feire 100-årsjubileum med oss. Årsprogram 2025 er ute!