Nils Økland er ein av våre fremste felespelarar og ein kunstnar som gjennom heile karrieren har latt nysgjerrigheita vise vegen. Med varme, leik og djup musikalitet har han skapt eit heilt eige uttrykk som har begeistra publikum både i Noreg og internasjonalt.
Onsdag 14. oktober kl. 17:00 møter du Nils Økland i «Musikk i suppå», i samtale med Mona Aarø. Her byr han på både forteljingar og musikk. I forkant serverer me suppe frå Lothes Mat & Vinhus.
Billettar kjøpes på Ticketco : Medlem i Haugesund kunstforening: kr 200, andre: kr 250.
Billetten inkluderer suppe og kunstnarpresentasjon.
Arrangementet er støtta av Rogaland fylkeskommune sitt regionale fond for kultur.