Lytt til Olav H. Hauge sin poesi!
Dato: Sundag 12. september kl. 19:00
Tidspunkt: Sundag 12. september kl. 19:00
Sted: Haugesund Billedgalleri, Erling Skjalgssonsgt. 4, 5523 Haugesund
Pris: Kr. 249,-/ 200,-
Konsertframsyninga «RIT» har fått namn etter etter Olav H. Hauge sitt dikt «Rit», som er eit gamalt ord for «å skriva».
Framsyninga byrjar med ei innleiing av prof. Katherine Jane Hanson som var den fyrste til å ta phd på tekstane til Olav H. Hauge.
Vidare er RIT forma som ein monolog som vekslar mellom resitasjon, forteljing og song. Verket teiknar ei utvikling med moment av humor, drama, angst, men også ei ro som byr på opnenheit, refleksjon, meditasjon og ei større oppleving av Hauge sin poesi.
Innleiing ved prof. Katherine J. Hanson
Reidun Horvei, song
Inger-Kristine Riber, riber piano og elektronikk
M E D V E R K A N D E:
Songaren Reidun Horvei har i ei årrekkje arbeidd som frilans sopran og folkesongar. Ho har hatt konsert turnéar over store deler av Noreg med særskilde program for Rikskonsertane innan klassisk musikk til ny musikk, vise og folkemusikk.
Pianist og komponist Inger-Kristine Riber utdanna ved Universitetet i Oslo, Norges Musikkhøgskole og Hochschule Für Musik, Theater und Medien Hannover (Tyskland). I tillegg til sine solostudium i klassisk piano og kammermusikk, har Riber også markert seg innan kulturell entreprenørskap. Mykje av arbeidet hennar er farga av ein visjon om å skapa nye arenaer for klassisk musikk.
Katherine Hanson tok si doktorgrad på Olav H. Hauge med avhandlinga “Nature Imagery in Olav H. Hauge’s Poetry” (Department of Scandinavian Languages and Literature). Hanson har undervist på St. Olaf College, Pacific Lutheran University og seinast the University of Washington der ho er Affiliate Associate Professor.
Regi: Ragnhild M. Gudbrandsen
Scenografi: Thomas Pihl
——-
Med atterhald om endringar.
Me fylgjer til ei kvar tid retningslinene til styresmaktene og det kan på kort varsel verta fleire tilgjengelege billettar. Skulle me måtte avlyse ein eller fleire konsertar grunna covid-19 vil kjøpte billettar bli refundert.
Støtta av:
Norsk Kulturråd, Vestland Fylkeskommune, FFUK, Sparebanken Vest, Haldor O. Opedalsfond, Vestmannalaget, Einar Langesather, Voss Herad, Ulvik Herad