Untitled_1.31.4 copy

Utstilling Haugesund billedgalleri

Utstilling | «Å ligge andføttes»

Arr. Haugesund kunstforening, Den norske filmfestivalen og Haugalandmuseet-Haugesund billedgalleri

Dato: Søndag 20. august - søndag 24. september 2023

Åpningstider: Åpningstider: Tirsdag - Fredag 12-15/ Lørdag - Søndag 11-15
(mandag stengt)

Sted: Haugesund billedgalleri, Erling Skjalgssonsgt. 4, 5523 Haugesund

Pris: Voksen kr. 70,-, Honnør kr. 50,-, barn gratis (under 16 år) og medlemmer i Haugesund kunstforening og Haugalandmuseets venner

Haugesund kunstforening, Den norske filmfestivalen og Haugalandmuseet-Haugesund billedgalleri har gleden av å presentere Ann Cathrin November Høibo som filmfestivalutstiller 2023. Høibo har fått stor oppmerksomhet for å kombinere billedvever med andre tekstiler, objekter og skulpturer og hun regnes blant de mest fremadstormende kunstnerne i sin generasjon.

Ann Cathrin November Høibo
Allereie som student på Kunsthøgskolen i Oslo blei Ann Cathrin November Høibo (f. 1979) lagt merke til. Ho fekk Sparebankstiftelsens talentpris, kom i stall hos galleriet Standard i Oslo, og blei hurtig invitert med på viktige utstillingar i inn- og utland. Det som særleg vekte oppsikt i starten var den frie måten ho brukte tekstile materialar på, kombinert med at ho samstundes demonstrerte ein stor kjærleik til veving. I ei utstilling hadde ho ein oppstadvev ståande, og i andre samanhengar har rammevevar blitt inkluderte i det ferdige verket. Dette er grep som peikar mot det manuelle arbeidet som ligg bak vevnadene. Å veva er eit repetitivt og langsamt arbeid med djupe røter i mange kulturar. I samfunnet vårt, der tid er blitt mangelvare og stress ein folkesjukdom, kan det å løfta fram eit handverk som representerer ro og fordjuping, i seg sjølv representera eit kritisk perspektiv.

November Høibos interesse for vev blei vekt då ho som ung oppdaga Hannah Ryggen (1894–1970) sin kunst. Dette leia henne på byrjinga av 2000-talet til Else Marie Jakobsen (1927–2012). Ho var den gongen den sentrale tekstilkunstnaren i November Høibos fødeby Kristiansand. I nokre år gjekk ho sporadisk i lære hos Jakobsen, som også var levande opptatt av vilkåra for tekstilkunst. Som eit gamalt kvinnedominert handverksfag har tekstil inntil nyleg blitt ignorert eller nedvurdert i bildekunstkrinsar. Det er ein dimensjon som ligg som ein historisk klangbotn under November Høibos kunst. Det gjeld både i val av materiale som klesplagg, tauverk og garn frå norsk spelsau, og metodar som å binda, stabla, drapera eller veva. Tekstil er såleis det sentrale omdreiingspunktet både tematisk og materielt.

Rett nok framheva kritikaren Stian Gabrielsen for nokre år sidan at kunstnarskapen til November Høibo er kjenneteikna av ein kronisk utruskap mot tekstilkunsten som kategori. Det er eit godt poeng. Ho lar seg ikkje så lett putta i ein fast bås, og arbeida hennar rører seg på tvers av etablerte kategoriar som tekstilkunst, bildekunst og kunsthandverk. Hevdvunne reglar for rett og gale innanfor dei einskilde disiplinane, har lenge vore utsett for undergraving i kunsten. November Høibo har gjort sitt for å bidra til dette. Syntetiske stoff som nylon og skai er like sjølvsagte som rayon og ull. Vevnadene er gjerne fulle av lause trådar og kan ofte sjå «ufullstendige» ut. Dei heng stundom nonsjalant på ein krok, eller inngår i skulpturar saman med andre materialar og gjenstandar. Nokre objekt er medvite unseelege og anti-monumentale, medan andre ruvar.

Ein annan måte November Høibo har bidratt til å destabilisera etablerte hierarki og kategoriar i kunsten på, er gjennom å bruka tekstile materialar til å laga objekt og skulpturar. Den mjuke, taktile og til dels skjøre karakteren desse arbeida har, knyter an til ein kunstnar som Eva Hesse (1936–1970). Hesse tilførte den såkalla minimalismen på 1960-talet ein sanseleg og kroppsleg materialitet som har hatt stor innverknad på kunsten til denne dag. Arbeida hennar skilde seg kraftig ut frå det meir strenge og industrielle uttrykket til mannlege kollegaer som Donald Judd (1928–1994), Sol LeWitt (1928–2007) og Carl Andre (1935–). Minimalismen er saman med konseptkunsten sentrale referansar for November Høibo. Det viser seg mellom anna i sansen for monokrome flater, serielle gjentakingar og skulpturar og installasjonar med horisontal utstrekning. Men som regel markerer ho også ein distanse til dei same retningane gjennom ein ironisk vri. Dei nemnde prinsippa for organisering blir forstyrra av ting som peikar mot det kroppslege og kvardagslege. Ei monokrom overflate som vi lett kunne tru er eit måleri, viser seg å vera laga av skai som har porer som kan minna om hud. Eit stativ fylt med nettingkorger kombinerer både gridmønster og stabling, men er samstundes velkjent som eit av IKEAs oppbevaringsmøbel for klede.

I kunstverda er det vanleg å kalla funne eller kjøpte gjenstandar for «readymades». Truleg er dette omgrepet for snevert i samband med November Høibo. Eg vil heller hevda at ho nyttar ting og materialar som er «ready-to-hand». Desse kan ha ei personleg betydning, henta som dei ofte er frå privatsfæren, men ho utleverer sjeldan kva ho legg av eigne kjensler i valet av motiv og materiale. Titlane kan gi eit hint, men er ofte gåtefulle og opne. Dette er tilsikta frå kunstnaren si side. Ho ønskjer å skapa eit rom der vi lyt stola på våre eigne sansar, kjensler og erfaringar i møtet med kunsten hennar.

Jorunn Veiteberg, kunsthistorikar

Ann Cathrin November Høibo er født i Kristiansand i 1979, hvor hun bor og arbeider. Hun er utdannet ved Statens Kunstakademi i Oslo (2005-2011) og Städelschule, Frankfurt am Main (2010-2011). Høibo jobber i et variert kunstnerisk formspråk, som kan ta form som installasjoner basert på vev- og tekstilarbeider, gjerne i kombinasjon med utradisjonelle materialer og readymades.

Ann Cathrin November Høibo har bak seg kritikerroste utstillinger i bla. Kristiansand kunsthall (2023), Henie Onstad kunstsenter (2012), Kristiansand Kunsthall (2013) og Kunstnerforbundet (2017). Hun er representert av galleriene STANDARD Oslo og Carl Freedman Gallery i London, der hun har hatt flere utstillinger. I tillegg har hun deltatt på en lang rekke gruppeutstillinger nasjonalt og internasjonalt, deriblant Kunsthall Stavanger (2018), Turner Contemporary i Margate, England (2017), Bergen Kunsthall (2016), Astrup Fearnley Museet (2015) og White Columns, New York (2013).

Den årlige Filmfestivalutstillingen blir til gjennom et samarbeid mellom Haugesund kunstforening, Den norske filmfestivalen og Haugalandmuseet-Haugesund billedgalleri.

Finn veien

Se hva som
skjer hos oss