Utstilling Haugesund billedgalleri
Arr. Haugesund kunstforening og Den norske filmfestivalen
Dato: 23. august - 20. september 2026
Åpningstider: Åpningstider: Tirsdag-fredag kl. 12-15 / Lørdag-søndag kl. 11-15
Sted: Haugesund billedgalleri, Erling Skjalgssonsgt. 4, 5523 Haugesund
Pris: Voksen kr. 100,- Honnør kr. 70,-, barn gratis (under 16 år) og medlemmer i Haugalandmuseets venner og Haugesund kunstforening
Utstilling – Filmfestivalutstillingen 2026 |
Haugesund kunstforening og Den norske filmfestivalen har gleden av å presentere Mattias Härenstam som filmfestivalutstiller 2026. Härenstam har i flere tiår hatt en svært omfattende kunstnerisk virksomhet med mange utstillinger og offentlige kunstprosjekter i inn- og utland. Til utstillingen i Haugesund viser han ein skulpturinstallasjon i brent tre og fargetresnitt.
Til utstillingsprosjektet har Mattias Härenstam tatt utgangspunkt i eit maleri han opplevde som 16-åring, då han hadde helgejobb som utstillingsvakt på Norrköpings Konstmuseum i Sverige. Maleriet «Ingens hunder» av Steffan Hallstrøm, frå slutten av 1950-talet, gjorde eit sterkt inntrykk på han – Eit ekspressivt maleri i tidas ånd med svarte og dyreliknande former på ein intens gul bakgrunn.
Skulpturgruppa som visast i sal 1 har noko av det same ved seg: ei gruppe med store menneske- og dyreskikkelsar i brent tre. Sal 1 har fått eit nytt golv og dei svarte figurane står som fortapt i ein intens gul ørken. Formane på skulpturane oppstår i kontakt med materialet – trestokkanes eigen form er like mykje skaparar som kunstnaren sjølv.
I sal 2 viser Härenstam ein serie fargetresnitt med motiver frå eld og eksplosjonar.
Mattias Härenstam (født 1971 i Gøteborg) er utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen og Städelschule i Frankfurt am Main. Han bur og arbeidar i Oslo, med skulptur, tresnitt og film/video. Härenstam har hatt ein omfattande kunstnarisk verksemd med mange utstillingar og offentlege kunstprosjekt i inn- og utland.
Hans arbeider er innkjøpt av bla. Nasjonalmuseet, KODE, Stavanger Kunstmuseum, Nordnorsk Kunstmuseum, Haugalandmuseet, med fleire. Dei seinare åra har han også utført fleire prosjekter med kunst i offentlege rom, som på Naturhistorisk Museum i Bergen, Langøyene ved Oslo, Pilgrimsleden ved Hamar, Lademoparken i Trondheim, Baneparken ved Vollebekk i Oslo, med fleire.
Utstilling er støtta av Norske kunstforeiningar, BKV og Kulturdirektoratet.
Utstillingen opnar søndag 23. august og varer til 20. september 2026.
Meir informasjon om kunstnaren: www.mattiasharenstam.com
Foto: Portrettfoto: Kristian Skylstad
Foto: Fargetresnitt: Mattias Härenstam
—
Den årlige Filmfestivalutstillingen blir til gjennom et samarbeid mellom Haugesund kunstforening og Den norske filmfestivalen, med Haugalandmuseet-Haugesund billedgalleri som vertsarena.