Rutiner for inntak til samlingane
Samlingsforvalting og -utvikling av samlingane er viktige arbeidsområde i det nye regionmuseet. Etter 100 år med innsamling har vi ikkje høve til å ta i mot alt som bys museet. Inntak vil skje i tråd med strategiplanar og samlingsplanar (innsamling og avhending).
Rutiner for tilbod om gjenstandar, kunstverk, fotografi eller arkivmateriale til Haugalandmuseet AS
Haugalandmuseet AS er regionmuseum for Nord-Rogaland, med desse kunst- og kulturhistoriske avdelingane:
- Arquebus krigshistorisk museum
- Bokn bygdemuseum
- Haugesund Billedgalleri
- Hiltahuset
- Karmsund folkemuseum
- Nedstrand bygdemuseum
- Vindafjordmuseet (Vikedal bygdemuseum)
Haugalandmuseet er frå 2019 eigar og forvaltar av alle samlingar. Pr. i dag har vi samla sett ansvaret for 70 000 gjenstandar, 2500 kunstverk, 660 000 fotografi og 100 hyllemeter med arkivmateriale.
Inntak vil skje i tråd med strategiplanar og samlingsplanar (innsamling og avhending). På den måten vil vi styrke samlingane våre i ei retning som museet ynskjer.
Ved tilbod om gjenstandar, fotografi eller arkivmateriale:
Kontakt samlingsansvarleg og konservator Grethe Paulsen Vie:
E-post: gpv@haugalandmuseet.no
Ved tilbod om kunstverk:
Kontakt gallerileder Grethe Lunde Øvrebø:
E-post: glo@haugalandmuseet.no