Gravferd

Aktuelt Vindafjordmuseet

500 bilete frå Endre Heggen-samlinga på Digitalt Museum

Fotosamlinga som blei skapt av sogelagsmannen Endre Heggen er sei siste månadane digitalisert, pakka om og registrert. No kan du søke blant 500 av desse bileta, på nettstaden Digitalt Museum.

Dato: 2021

Her finn du gamle bilete frå Vikedal, Ølen, Bjoa, Vats, Skjold og Vikebygd i Vindafjord kommune, samt frå Etne kommune. Du kan sjå alle bileta her.

Motiva spenner vidt, frå familiebilete på gardstuna, bilete frå bedehus, foreningsliv, sykkelturar, industri, vegarbeid, bryllaup og gravferd. Sistnemnde tema er sjeldan å sjå i fotosamlingane, og enda sjeldnare frå bygda. Eit av motiva visar ei gravfylgje i Etne i 1928, der kista blei frakta med hest og kjerre. Fotograf er Willum Ekrheim. Det er ingen tvil om at fotosamlinga har ein stor kulturhistorisk verdi. Eit anna sjeldan motiv er frå eit gjestebod i Ølen bedehus, i samband med jernbanekomiteen sitt besøk i Ølen, 1922. På banneret i bakgrunnen står skrive «Oddabanen, Ølen st.» i små, norske flagg.


Foto: VHS-F.00040-11

Biletsamlinga består av mellom 3000 og 3500 bilete. Ein del av bileta har Endre Heggen sjølv teke , men svært mange er innsamla frå andre personar i nærmiljøet. Dette gjeld først og fremst eldre bilete (bilete tekne før 1970). Dei eldste bileta er frå siste halvdel av 1800-talet / byrjinga av 1900-talet.