Arrangement Karmsund folkemuseum
Våre kjæraste dikt i ord og tonar
Dato: Mandag 9. mars kl. 13:00
Tidspunkt: Mandag 9. mars kl. 13.00
Sted: Karmsund folkemuseum, Skåregata 142, 5527 Haugesund
Pris: Gratis
Monica N. Haugan og Tove Selås jobbar til daglig som formidlarar ved Haugalandmuseet. Dei har funne fram dikt dei likar og som har betydd noko for dei. Det blir sagt at eit godt dikt kan brukas i mange settingar og ulike fasar i livet – det kjem an på mottakaren.
Slik er det og med dette utvalet, det å vere barn, ungdom, gammal og ny – ung og gammal kjærleik, ulukkelig kjærleik, vennskap, det å reise ut, ha draumar og om å leve i kvardagen.
Tekstane er skrive av: Per Sivle, Aslaug Vaa, Arnulf Øverland, Kolbein Falkeid, Jakob Sande, Haldis Moren Vesaas, Olav H. Hauge, Erik Bye, Nordahl Grieg, Rudolf Nilsen og Jacques Brel.
Monica N. Haugan spelar piano og har sjølv sett tone til nokre av tekstane.