Hagen til Wrangellhuset

Arrangement Karmsund folkemuseum

H.M. Wrangell

Wrangell bokstavlig talt i sentrum.

Dato: 27.mai, 2020

Åpningstider: Åpningstider:
ti-fr kl. 11:00-15:00
lø-sø kl. 12:00-15:00
(mandager lukket)

Sted: Skåregata 142,5527 Haugesund

Pris: Gratis

Wrangellhuset i Torgbakken er godt kjent for dei fleste, men kor godt kjenner vi han som har gitt huset namn?

H.M. Wrangell– Håkon Magne Waldemar Wrangell.

Han vart født i 1859 og vaks opp hjå besteforeldre i Haugesund.

21 år gammal startar han butikk, først kolonial, seinare utstyr til sideeksport og han kan etterkvart utstyre båtane sine med utstyr frå eiga verksemd.

Han var ny tenkande – og  hadde mange bein å stå på – gjekk noko av verksemda dårlig, kunne ein anna del gå bra, Wrangell prøvde nytt, men tok ikkje for stor risiko.

Han disponerer fleire seglskuter og kjøper seinare dampskipa Corona og Kong Håkon .

Han spelar ei svært viktig rolle i norsk kvalfangst, med selskap på Island, Angola, Sør – Afrika, Færøyane og Spania.

Wrangell var ein av dei første som organiserte verksemda si som eit aksjeselskap.

I 1914 hadde han 11 skip og 12 kvalbåtar. Han gjorde det godt i jobbetida og kunne handle skip frå reiarlag som kom i trøbbel.

Frå 1930 og framover var han med på overgangen frå damp til motorskip.

Det blir sagt om han at « Å gjere forretningar med Wrangell, gjer deg klokare, men ikkje rikare»

Han gifta seg i 1880 med kusina Amalie, og frå 1881 – 1898 fekk dei tolv  barn, men berre seks vaks opp.

Huset hans, Wrangellhuset stod ferdig i 1893/4 .

Wrangell var bokstavleg tala i sentrum av sentrum i Haugesund, huset hans var der, kontoret var der, og han sjølv var i sentrum.

Han sat i  bystyret for Frisinnede venstre i 41 år var ordførar i 4 år og byens første Stortingsrepresentant.

Han hadde verv i Rederiforbundet, Haugesund Sparebank, Bergen Privatbank, Norges Brannkasse, Haugesund sjø forsikringsselskap. Han var med på å reise Vår Frelsers kyrkje, Haugesund Kunstforeining, Haugesund turnforeining, Haugesund diskusjonsforeining Telefonselskap, Elektrisitetsverk og ikkje minst Karmsund folkemuseum i 1925.

Han var interesser i alt, var med i alle styrer, helst som formann.

Det blir sagt om han at han var omgjengelig, klok og positiv, men smilte han – måtte ein vere på vakt.

1934 fyller han 75 år. Kona Amalie dør same året, og Wrangell giftar seg igjen med 34 år yngre  Lovise Haga. Dei hadde kjent kvarandre lenge og ho vart til god støtte for Wrangell i alderdommen.

H.M Wrangell gav store gåver til Haugesund by, legat til utdanning, pengegåver, midlar til lys i Vår Frelsers kyrkje, hus i Jonas Lies gate til museet, han testamenterte over ein million  til veldedigheit og huset til Vanførelaget.

Wrangell dør i 1942 og er gravlagt på Christine Elisabeth gravlund.

Byen har mykje å takke Hans Magne Waldemar Wrangell for.

Les meir om H.M. Wrangell i Årbokartiklane til Haugalandmuseet

http://haugalandmuseet.no/wp-content/uploads/2019/01/H.-M.-Wrangell-konsul-reder-og-mes%C3%A9n-av-Mads-Ramstad.pdf

http://haugalandmuseet.no/wp-content/uploads/2019/01/H.-M.-Wrangells-selvbiografi-med-innledning-av-Mads-Ramstad.pdf

 

Karmsund folkemuseum fotosamling MHB-F.001504 Hagen ·

Karmsund folkemuseum fotosamling MHB-F.007511 portrett ·

Karmsund folkemuseum MHB-B.018 huset

Finn veien

Se hva som
skjer hos oss